Historisk arkiv

3,9 mill. kroner til utbygging av 2. etappe av hovudvassverk i Vanylven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 18.12.96


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

3,9 mill. kroner til utbygging av 2. etappe av hovudvassverk i Vanylven

Kommunal- og arbeidsdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på inntil kr. 3,9 millionar kroner til utbygging av 2. etappe av hovudvassverket i Vanylven.

Andre etappe omfattar leidningsanlegg til områda Åheim, Tunheim og Lilleeide. Departementet har tidlegare i år gitt tilsegn om tilskot på inntil 5,7 millionar kroner til bygging av renseanlegg ved Vanylven vassverk. Dei planlagde investeringane på tilsaman 13,7 millionar kroner som vert støtta ved dei nemnde tilsegna, vil gi omlag 1150 personar vatn som tilfredsstiller drikkevassforskriften.

  • Den planlagde utbygginga av eit hovudvassverk vil vere samfunnsmessig mest fornuftig - framfor å byggje behandlingsanlegg ved dei einskilde vassverka Åheim, Tunheim og Lilleeide. Vasskvaliteten i dei områda som no vert kobla saman til eit vassverk, var så dårleg, at utbetringstiltak var nødvendig, seiar kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. En majoritet av slike vassverk ligger i mindre sentrale strøk.

Folkehelsa - Statens institutt for folkehelsa - har i si innstilling til departementet også lagt vekt på at det dreiar seg om eit hovudvassverk.

Lagt inn 19 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen