Historisk arkiv

4 millioner til nordnorsk verkstedindustri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 11.09.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

4 millioner til nordnorsk verkstedindustri

Tildeling av inntil fire millionar kroner til omstillingsprogram for verkstadindustrien i Sør-Troms og Nordre Nordland.

Kommunal- og arbeidsdepartementet har løyva fire millionar kroner for 1997 til omstillingsarbeid i Sør-Troms og Nordre Nordland. Midlane skal nyttast til å styrke verkstadnæringen i regionen. Løyvinga er gitt på bakgrunn av ein handlingsplan for arbeidet som er utarbeidet av omstillingsstyret. Det er valt ut fire satsingsområder; Skipsreparasjonar/vedlikehald, skipsbygging, offshore og miljø. Økt kompetansebehov er den største utfordringa næringa står ovanfor og tiltaka i handlingsplanen rettar seg difor i hovudsak mot å heve kompetansen innan verkstadnæringa.

Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth seier at Sør-Troms og Nordre Nordland er eit kraftsentrum for verkstadindustrien i Nord-Noreg, og at det knyter seg store forventningar til at omstillingsarbeidet vil bidra til å gje verkstadnæringa eit viktig lyft som vil ha verdi for heile landsdelen.

Omstillingsplanen omfattar kommunane: Harstad, Bjarkøy, Ibestad, Kvæfjord, Skånland, Evenes, Tjeldsund og Lødingen.

Lagt inn 12 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen