Historisk arkiv

8,1 millionar kroner til KOSTRA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 13.10.97

Statsbudsjettet 1998

8,1 millionar kroner til KOSTRA

Gjennom systematisk samanlikning og læring vil kommunane kunne effektivisere ressursbruken. Siktemålet med arbeidet er å utvikle eit nasjonalt system som koplar saman data om kommunane sin økonomi, tenesteproduksjon og befolkning.

Systemet vil gjere det mogleg å stille saman nøkkeltal for kommunane sine prioriteringar, dekningsgradar og produktivitet. Løyvinga vil dels bli nytta til utvikling av elektronisk mottak, handtering og tilbakeføring av informasjon i Statistisk sentralbyrå. Løyvinga vil òg dekkje auka kostnader ved å prøve ut betre modellar for kvalitetssikring, tilrettelegging og tilbakeføring av informasjon i fylket. Delar av løyvinga vil bli brukt til målretta assistanse til kommunar som i 1998 legg om rapportering i tråd med tilrådinga i KOSTRA-prosjektet.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen