Historisk arkiv

Auka etablerarstipend-midlar til fylker prega av fråflytting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 17.03.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Auka etablerarstipend-midlar til fylker prega av fråflytting

Kommunal- og arbeidsdepartementet vidarefører satsinga på etablerarstipend. 121 millionar kroner er sett av til ordninga for 1997, og det blir særleg lagt vekt på dette som eit verkemiddel for å stimulere til nyetableringar i fråflyttingsområde.

  • Eg ønskjer å styrke verkmiddelbruken i dei delar av landet som har ei negativ utvikling i folketalet, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.
  • Målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hoveddraga i busetjingsmønsteret og å vidareutvikle levedyktige regionar i alle delar av landet. For å nå dette målet er det naudsynt å auke innsatsen i fråflyttingstruga utkantstrok, seier Opseth.

Han peiker vidare på kor viktig det er at fylkeskommunane sjølv prioriterar vanskelegstilte område ved tildeling av etablerarstipend.

Etablerarstipendet er ei ordning for småbedriftsetablerarar i heile landet. Målet med stipendet er å stimulere til auka etablerarverksemd, og skape varige og lønsame arbeidsplassar.

Ein kan få stipend til utviklingsfasen, det vil seie perioden da ein utviklar forretningsidéen, og/eller til etableringsfasen. Maksimalt beløp for den einskilde mottakar er kroner 200.000.

FYLKESVIS FORDELING AV ETABLERERSTIPEND, 1000 kr

Fylke19961997
Østfold6040

6620

Akershus9160

5000

Oslo11040

3000

Hedmark5050

5940

Oppland5150

6120

Buskerud5450

5800

Vestfold4950

5530

Telemark4750

5220

Aust-Agder2620

3030

Vest-Agder3760

4310

Rogaland7600

8630

Hordaland10600

11390

Sogn og Fjordane3120

3260

Møre og Romsdal6540

6620

Sør-Trøndelag6980

7950

Nord-Trøndelag3960

4710

Nordland8910

9820

Troms5200

5980

Finnmark3020

3580

Sum fylkeskommunene113900

112510

SND800

790

KAD8000

7900

Sum totalt122700

121200

Lagt inn 17 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen