Historisk arkiv

Auka innsats skal stogge fråflytting frå utkantområder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Pressemelding

20.03.97

Auka innsats skal stogge fråflytting frå utkantområder

For å stogge fråflyttinga frå utkant - Noreg varslar regjeringa auka innsats i desse områda i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. - Folketalsnedgang i mange distriktskommunar gjer det nødvendig med ei auka satsing i utkantane spesielt. For heile distriktspolitikken vil vi nå utnytte kvar krone betre gjennom målretting og regional tilpassing av verkemidla. Politikken skal i større grad enn i dag svare på utfordringane i kvart enkelt fylke, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Stortingsmeldinga stadfester at hovudmålet i distrikts- og regionalpolitikken er å oppretthalde hovuddraga i busetjingsmønsteret og utvikle robuste regionar i alle delar av landet. Dette skal gjerast gjennom å utvikle varige og lønsame arbeidsplassar og stimulere verdiskapinga basert på dei særskilde føresetnadene i distrikta.

I stortingsmeldinga er følgjande delstrategiar utmeisla:

  • Bidra til å utvikle ein politikk for utkantområda
  • Bruke regionale utviklingsprogram til målretting og tilpassing av verkemidla
  • Stimulere kompetanseheving og kunnskapsspreiing
  • Vidareutvikle eksisterande bedrifter
  • Etablere nye bedrifter
  • Bidra til utviklinga av meir funksjonelle regionar, til dømes innanfor arbeidsmarknaden.

Årlege utviklingsstrategiar i fylka

Regjeringa ønskjer at fylkeskommunane og kommunane skal spele ei viktigare rolle i gjennomføringa av distriktspolitikken. Regjeringa vil at fylkeskommunen skal utarbeide planar forankra i utfordringane og vilkåra i regionen.

  • Eg er oppteken av at distrikts- og regionalpolitikken skal vere heilskapleg, og ønskjer ei god samordning av verkemidla på fylkesnivå. Erfaring har vist at skal vi få dei resultat vi treng i distriktspolitikken, må vi sikre at det blir ei meir forpliktande kopling mellom planar og konkret næringsarbeid på fylkesnivå enn det er i dag. Eg vil difor gå inn med meir midlar til regionale utviklingsprogram for å stimulere til gode utviklingsprosessar i fylka, seier Kjell Opseth.

Fylkeskommunane skal innanfor ramma av nasjonal politikk og i samarbeid med mellom anna Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond, Fylkesmannen og andre regionale statsetatar, utarbeide eigne utviklingsstrategiar.

Strategiane vil munne ut i regionale utviklingsprogram, som årleg skal leggjast fram for Kommunal- og arbeidsdepartementet for å vise korleis fylka vil bruke dei verkemidla som står til disposisjon til regionalpolitiske formål. Utviklingsprogramma skal byggje på gjeldande fylkesplanar og strategiske næringsplanar.

Utkantstrategi

Innanfor distriktspolitikken vil regjeringa utvikle ein eigen politikk for utkantområda med stor nedgang i folketalet.

Den distriktspolitiske innsatsen har tradisjonelt vore retta mot å skape arbeidsplassar. For å stogge utflyttinga frå distriktskommunane, meiner regjeringa det er nødvendig med ei breiare tilnærming som sikrar sysselsetting og gode levekår også i utkantområda. Regjeringa legg opp til at dei regionale utviklingsprogramma skal ha ein eigen utkantstrategi. I arbeidet med å sikre tenestetilbodet i utkantane meiner regjeringa ein må utvikle nye kombinasjonar, og eventuelle samlokaliseringar, mellom offentlege etatar, og mellom offentlege og private. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Plan- og samordningsdepartementet vil invitere fylkeskommunar, kommunar og statlege etatar til å finne fram til gode metodar for å sikre tenestetilbodet i utkantane.

Regjeringa vil satse midlar og kompetanse slik at moderne informasjonsteknologi (IT) blir tatt i bruk i utkantane.

  • IT vil gje utkantbedriftene betre kontakt med marknaden og lette næringslivet sin tilgang til kunnskap og kompetanse. Regjeringa vil også satse sterkare på kommunale næringsfond som har vist seg å vere eit godt verkemiddel for å støtte utviklinga av heilt små verksemder i utkantkommunane. Vidare vil regjeringa styrke SIVA sitt arbeid med utvikling av infrastruktur og tilrettelegging for næringslivet i distrikta. Regjeringa vil og auke løyvingane til utarbeiding av hamner i distrikta, seier Opseth.

Endre haldningane til etablering av nye verksemder

Regjeringa meiner utdanningssystemet er viktig for næringslivet i distrikta. - Det er naudsynt å arbeide med haldningane til etablering av nye verksemder. I grunnskule, vidaregåande skule og på høgskulane må ein fokusere positivt på det å skape eigen verksemd i heimkommunen. Regjeringa vil arbeide aktivt for eit betre samarbeid mellom skule og næringsliv, seier Opseth.

Regjeringa vil satse på kompetanse og kunnskapsspreiing gjennom ulike program til dømes SMB-kompetanse (for små og mellomstore bedrifter) og REGINN (for regional innovasjon), som er eit program som skal kople kompetansebehov hos næringslivet i distrikta med ulike kompetansemiljø i fylka. Fylkeskommunen vil få ein sentral rolle i dette arbeidet. SMB-kompetanse skal bidra til at små- og mellomstore bedrifter tilset nyutdanna personar med høgre utdanning. Formålet er å framskunde utvikling og nyskaping i bedriftene. - Gjennom programsatsinga SMB-kompetanse gjer regjeringa det mogleg for ungdom med høgre utdanning å flytte attende til distrikta, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Lagt inn 21 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen