Historisk arkiv

Bremanger kommune får omstillingsstatus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 05.05.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Bremanger kommune får omstillingsstatus

Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) har gitt omstillingsstatus til Bremanger kommune. Departementet har løyvd 400 000 kroner til ein handlingsplan for bruk av omstillingsmidlar.

Det har vore stor nedgang i sysselsetjinga ved hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger Smelteverk i Svelgen. - Bortfall av fleire arbeidsplassar i Bremanger vil få store ringverknader i lokalsamfunnet og i kommunen, seier Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. Det er difor viktig med ein ekstrainnsats for å skape alternativ sysselsetjing i kommunen.

Storleiken på omstillingsløyvinga frå departementet blir vedteke når den endelege planen for omstillingsarbeidet ligg føre. Omstillingsmidlane blir tildelte over fire år. Det krevst at det samla frå kommunen og fylkeskommunen blir løyvd eit tilsvarande beløp både til å utarbeide av handlingsplanen og til gjennomføring av omstillingsarbeidet. Private midlar kjem i tillegg.

Hovudansvaret for å gjennomføre omstillingsarbeidet ligg lokalt og regionalt.

Lagt inn 6 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen