Historisk arkiv

Busettingskriterier skal gi meir rettferdig inntektssystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 16.04.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Busettingskriterier skal gi meir rettferdig inntektssystem

Spreidd busettingsmønster fører til at det blir store forskjellar i kommunane og fylkeskommunane sine kostnader i ulike tenester, som til dømes skoleskyss og transport i heimebasert omsorg. Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth har difor nedsett ei referansegruppe som skal hjelpe departementet i arbeidet med å utvikle nye kriterium for busettingsmønsteret i inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar.

  • Sjølv om folk bur spreidd, skal ikkje dei kommunale- eller fylkeskommunale tenestetilboda vere dårlegare, seier Kjell Opseth.

Referansegruppa blir leia av fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane og vil fungere som eit rådgjevande organ for Kommunal- og arbeidsdepartementet i utviklingsarbeidet. Opseth tek sikte på at forslaget til nye kriterium blir presenterte i mai 1998, i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999.


Følgjande er medlemmer av referansegruppa:
Oddvar Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane
Børge Wahl, Nordland fylkeskommune
Per Øvermo, Fræna kommune
Trond Hjelmervik Hansen, Kommunens Sentralforbund
Arnold Langaas, Samferdselsdepartementet
Anne Katrine Fossum, Landbruksdepartementet
Aud Sissel Meringdal, Kommunal- og arbeidsdepartementet
Lars Fjell Hansen, Sosial- og helsedepartementet
Lars Audun Granly, Barne- og familiedepartementet
Alette Schreiner, Kirke-, undervisnings- og forskningsdepartementet

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen