Historisk arkiv

Dagpengar til tilsette i fiskeforedlingsbedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 03.09.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Dagpengar til tilsette i fiskeforedlingsbedrifter

Nye dagpengereglar gir dei tilsette i fiskeforedlingindustrien dagpengar frå første dag av permitteringa dersom dei blir permitterte meir enn ein gong i løpet av 26 veker. Reglane trer i kraft 1. oktober 1997. Dei skal hindre at dei som blir permitterte ofte på grunn av dei serlege tilhøva i denne industrien, må vente tre dagar utan stønad kvar gong.

  • Våre oversikter viser at det framleis er hyppige permitteringar i fiskeforedlingsbedrifter, fordi tilførsla av råstoff er ujamn, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. - Eg synes derfor det er rimeleg at dagpengereglane er noko meir liberale for denne gruppa arbeidstakarar enn andre permitterte.

Vanlegvis må ein som blir permittert etter å ha vore i arbeid i meir enn fire veker sidan siste permittering, søkje om dagpengar på nytt og får ei ventetid på tre dagar utan dagpengar. I samband med den større omlegginga av dagpengeordninga som fekk verknad frå 1. januar 1997, blei denne ordninga òg gjort gjeldande ved permitteringar i fiskeforedlingsindustrien.

  • Fordi denne endringa fekk sterkare negative utslag for arbeidstakarane i fiskeforedlingsindustrien enn departementet hadde rekna med, går vi no tilbake til den gamle ordninga, seier Kjell Opseth.
Lagt inn 3 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen