Historisk arkiv

Endringar i kommuneinndelinga - Invitasjon til møtet i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Oslo, 04.04.97

Endringar i kommuneinndelinga - Invitasjon til møtet i Sogn og Fjordane

Mandag 7.04.97 skal kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth til Førde der han skal diskutere den planlagte utgreiinga for å vurdere endringar i kommuneinndelinga. Dette er det første av ti planlagte møter med kommunar og fylkeskommunar over heile landet.

Møtet vert held i festsalen i Førdehuset frå kl. 19.30. Det legges opp til at pressen kan vere med på første del av møtet under Opseth si innleiing. Under diskusjonane kan ikkje pressen vere med, men det vert høve til å snakke med statsråden etter møtet.

Statsråden skal møte representantar frå kommunane Naustdal, Førde, Jølster og Gaular, samt fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Frå Kommunal- og arbeidsdepartementet kjem også politisk rådgjevar Jostein Hernæs og rådgjevar i Kommunalavdelinga Øystein Hauge.

Lagt inn 4 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen