Historisk arkiv

Forbod mot etnisk diskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 16.05.97

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Forbod mot etnisk diskriminering

Regjeringa har i dag lagt fram endringar i arbeidsmiljølova. Endringane gjeld forbod mot diskriminering på etnisk grunnlag, arbeidstidsreglane ved naturkatastrofar, reglane om arbeidstid, arbeid av barn og ungdom, lønstrekk og rett til permisjon ved omsorg for sjukt barn.

  • Eg ser det som viktig at arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarane eit vern mot usakleg diskriminering på etnisk grunnlag, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. Han påpeikar vidare at dette forslaget er eit tiltak for å betre situasjonen for innvandrarar på den norske arbeidsmarknaden. Tiltaket vart varsla i stortingsmelding om innvandring og det fleirkulturelle Noreg tidlegare i år.
  • Flaumkatastrofen på Austlandet i 1995 avdekte at behovet for dispensasjonar frå reglane om arbeidstid var større enn det arbeidsmiljølova tillet i slike situasjonar. Arbeidsmiljølova bør ikkje stå i vegen for eit effektivt redningsarbeid, så lenge omsynet til arbeidstakarane er ivareteke, seier Opseth.

Dei viktigaste framlegga er:

  1. Forbod mot etnisk diskriminering på arbeidsmarknaden
    Forslaget inneber forbod mot usakleg forskjellsbehandling på grunnlag av etnisk opphav ved tilsetjing, rett til å få opplysningar frå arbeidsgjevar om kvalifikasjonane til den som er tilsett og reglar om omvendt bevisbyrde. Ein finn tilsvarande reglar i likestillingslova.
  2. Unntak frå arbeidstidsreglane ved naturkatastrofar
    Forslaget inneber ei utviding i moglegheitene til å gjere unntak frå lovas arbeidstidsreglar for arbeid knytt til naturhendingar, frå 4 til 14 dagar.
  3. Reglane om arbeid av barn og ungdom og arbeidstidsreglane
    Forslaga innfrir krava i to EØS-direktiv, og inneber små endringar i gjeldande rett. Ei av endringane inneber ei plikt for arbeidsgjevarane til å tilby helsekontroll til arbeidstakarar som arbeidar om natta. Forslaget presiserer vidare når personar under 18 år kan arbeide og kva for slags arbeid dei kan ha. Retten til dagleg fritid for alle arbeidstakarar aukar frå 10 til 11 timar.
  4. Moglegheiter for trekk i løn og feriepengar
    Forslaget inneber ei utviding av unntaket frå forbodet mot trekk i lønn og feriepengar til å omfatte alle typar forsikringsordningar.
  5. Rett til permisjon ved omsorg for sjukt barn
    Forslaget gjeld utvida rett til permisjon når barnet er langvarig innlagd i helseinstitusjon grunna mindre alvorleg sjukdom og utvida rett til permisjon ved pleie i heimen etter at barnet er utskrive eller dersom det er svært alvorleg sjukt.
Lagt inn 16 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen