Historisk arkiv

Første møte om endringar i kommuneinndeling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Oslo, 04.04.97

Første møte om endringar i kommuneinndeling

  • Korleis kommunane skal få flest og best mogelege tenester for innbyggjarane er eit spørsmål som opptek leiinga i alle kommunane våre kvar dag. For å kunne svare, må vi vite. Meir kunnskap er difor ein føresetnad for å ta val om framtida, ikkje eit trugsmål mot etablerte posisjonar, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. Han skal i løpet av våren og forsommaren drøfte eventuelle endringar i kommuneinndelinga i 10 område over heile landet. Det første møtet er i Førde måndag, 7. april.

Like før påske sende statsråd Kjell Opseth eit tilbod om støtte til å utgreie fordelar og ulemper ved eventuelle kommunesamanslutningar. Tilbodet gikk til 33 kommunar i 10 område i landet der inndelingspørsmålet har vore diskutert.

Statsråd Opseth meiner at debatten om kommuneinndelinga mange stader har vorte prega av at ein alt på førehand har teke standpunkt i saka, slik at ein grundig og sakleg diskusjon har vore vanskeleg. - Eg ønskjer no å få fakta på bordet, slik at vi får eit eins grunnlag å diskutere på, seier Opseth.

Ein kan ikkje vente at utgreiingane vil gje noko eintydig resultat. Det viktigaste er at kommunane får eit eins grunnlag for å diskutere kva løysingar som tener innbyggjarane best. Sjølv meiner Opseth at større kommunar kan gjere det mogeleg å frigjere ressursar som kan nyttast til å betra servicetilbodet. I tillegg vil dei få høve til å drive meir heilheitleg og samordna planlegging som kan gje positive resultat både innan næringsutvikling, samfunnsbygging, miljø og ressursutnytting.

  • Kommunegrensene er i hovudsak slik dei var på 60-talet. Dei speglar såleis ikkje dei store endringane vi har hatt i landet i forhold til endringar i den kommunale tenesteproduksjonen, busetnads- og arbeidsmarknadsmønsteret. Dei speglar heller ikkje den omfattande utviklinga i kommunikasjonsmønsteret som har ført til at reisetidene er blitt kortare. Det er såleis behov for å sjå om endringar i kommuneinndelinga kan betre rammevilkåra for den kommunale verksemda, seier Opseth.

Statsråden understrekar at det er heilt opp til kommunane om dei vil vere med på utgreiingane og korleis dei vil følgja opp konklusjonane, noko som er i tråd med Stortinget sitt vedtak då dei behandla Stortingsmelding nr 32 (1994-95) Kommune- og fylkesinndelingen.

Dei ti områda er: * Ramnes - Våle, * Røyken - Hurum,* Stavanger - Sola - Sandnes - Randaberg - Rennesøy, * Stord - Fitjar, * Bø - Øksnes - Sortland - Hadsel , * Ulstein - Hareid - Herøy - Sande, * Førde - Naustdal - Jølster - Gaular, * Sør Fron - Nord Fron - Ringebu, * Lenvik - Berg - Torsken - Tranøy, * Østre Toten - Vestre Toten.


Priv. Til red.: Det sendes en egen presseinvitasjon til møtet i Førde.

Lagt inn 4 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen