Historisk arkiv

Integrering, likestilling og mangfald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 25.02.97

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Integrering, likestilling og mangfald

  • Arbeid mot rasisme og diskriminering
  • Betre norskopplæring for barn, unge og vaksne
  • Kvalifisering for arbeidslivet

Det er hovudpunkta i stortingsmeldinga om innvandring og det fleirkulturelle Noreg som regjeringa legg fram 28. februar.

  • Noreg er i aukande grad eit fleirkulturelt samfunn, og dette mangfaldet må vi nytte til å gjere samfunnet vårt rikare og styrkje fellesskapet. For at samfunnet skal få del i dei ressursane og erfaringane innvandrarane har, er det viktig at dei får delta i det norske samfunnet på like vilkår og med same plikter som resten av befolkninga, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Open dialog

Den nye stortingsmeldinga tek for seg utfordringane Noreg møter som eit fleirkulturelt samfunn. Den slår fast at ein må finne praktiske løysingar på eventuelle konfliktar gjennom open dialog basert på toleranse og respekt.

Det er stor variasjon i bakgrunn, levekår og oppfatningar blant innvandrarar. I nokre grupper, særleg blant dei med flyktningbakgrunn, er inntektene klart lågare, arbeidsløysa høgre og levekåra såleis dårlegare. Årsakene kan vere rasisme og diskriminering, manglande norskkunnskapar og problem med å dokumentere utdanning og arbeidserfaring frå heimlandet.

Mål å hindre nye skilnader

  • Det er eit mål for regjeringa å hindre at det oppstår nye sosiale skilnader mellom personar med innvandrarbakgrunn og resten av befolkninga. I stortingsmeldinga prioriterer regjeringa innsatsen retta mot storbyområde med samansette problem og grupper som har det særleg vanskeleg. Det føreset aktiv deltaking frå dei gruppene det gjeld. Også for innvandrarar gjeld det "å gjere si plikt og krevje sin rett", seier Opseth.

Ikkje mange særtiltak

Betre norskopplæring for barn, unge og vaksne står sentralt i meldinga. Det er viktig for sysselsetjing og deltaking i samfunnet. Det er også viktig å motverke diskriminering og rasisme, slik at alle får like sjansar til å delta i samfunnet og påverke livssituasjonen sin.

I utgangspunktet gjeld generelle ordningar og tiltak alle i Noreg.

  • Regjeringa ønskjer ikkje mange særskilde tiltak for innvandrarar, men på nokre område er det likevel naudsynt for å sikre at alle, utan omsyn til bakgrunn, skal ha like sjansar til å delta i samfunnet, seier kommunal- og arbeidsministeren..
  • Regjeringa legg no fram sine konkrete tiltak for drøfting i Stortinget og blant folk. Skal vi makte utfordringane i det fleirkulturelle Noreg, må kvar einskild av oss og frivillige organisasjonar vise ansvarskjensle og engasjement. Alle er med på å påverke utfallet, gjennom demokratiske prosessar og i vårt daglige virke. Regjeringa vil gjere sitt for å løyse dei utfordringane vi møter. Samstundes ventar eg at alle innvandrarar bidrar aktivt. Utan deira innsats vil vi ikkje kunne sikre at vi i framtida får eit samfunn som tek vare på og inkluderar alle, utan omsyn til hudfarge og bakgrunn, slår statsråd Kjell Opseth fast
Lagt inn 25 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen