Historisk arkiv

Kimane til framtidas næringsliv blant små og mellomstore bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 18.02.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Kimane til framtidas næringsliv blant små og mellomstore bedrifter

  • Det er blant dei små og mellomstore virksomheter vi kan finne mange av kimane til framtidas næringsliv - det næringslivet som barna og barnebarna våre skal leve av om 20 år, sa kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth i eit innlegg på konferansen «Fra læring til næring» på Lillehammer i dag.
  • Når departementet satsar på små og mellomstore virksomheter er det såleis nyskaping i næringslivet vi er på jakt etter - og vi ynskjer auka engasjement frå regionalt hald når det gjeld den kunnskapsutviklinga som er naudsynt i og for næringslivet, sa han.
  • Tidlegare fann folk næringsgrunnlaget sitt i jord og skog, hav og fjell. Fortsett kan mange det, men i aukande grad er det i eige hovud ein må samle og hente det som skal gje jobb og næring. No er det dei nye næringar som er dei veksande - det er andre yrkje og annan kompetanse enn før som trengst - og den enkelte må skaffe seg stadig ny kunnskap for å følgje med i utviklinga.

Kommunal- og arbeidsministeren var særleg oppteken av konsekvensane for kommunane i distrikts-Noreg -Vi ser at veksten i de nye kunnskaps-næringane hovudsakleg kjem i sentrale strok, og vi ser at dette ikkje teiknar godt for busetjingsmønsteret på lengre sikt, sa han.

Kommunalministeren ga uttrykk for tru på skulane i denne samanhengen, men han peika på at skulen altfor ofte utdannar ungdomen ut av lokalsamfunnet - og ut av den tradisjonelle og verdfulle kulturen. Han meinte at det også var eit problem at skulen utdannar ungdomen til yrkje det ikkje er mogeleg å få jobb i.

Skulen må gje ungdomen betre grunnlag for å bli buande - eller kome tilbake til heimstaden etter avslutta utdanning. Men då er det viktig at skulen ikkje berre lærer ungdomen det dei treng for å søkje jobb. Det er stadig viktigare at skulen trenar ungdomen i å skape sin eigen arbeidsplass. Kommunalministeren omtala «Distriktsaktiv skule» og «Ungdomsbedrifter» som noko av det beste som er på gang når det gjeld næringsutvikling og distriktsutvikling her i landet.

Kjell Opseth påpeikte at det er nokre kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gripe skikkeleg fatt i dette viktige satsingsområdet. Det hastar for mange i distrikta å bli dyktigare til å utvikle, halde på, og trekkje til seg den kompetansen som trengst for å få til den ønska næringsutviklinga i åra framover.

I distriktspolitisk samanheng er konkurransen om kompetanse ein avgjerande faktor i åra framover. Dei stadane som konkurrerer best om kompetansepersonar og kompetansebedrifter, er dei som vil klare seg best.

Lagt inn 18 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen