Historisk arkiv

Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth utfordrar byggjenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 30.01.97

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth utfordrar byggjenæringa

Statsråd Kjell Opseth har på byggjenæringa sin konferanse Byggjedagane `97 utfordra byggjenæringa på ei rekkje område, samstundes som han oppmodar til samarbeid mellom næringa og styresmaktene både sentralt og på lokalt plan.

  • Ei hovudutfordring er å sikre ein rimeleg grad av stabilitet i byggjeverksemda, slik at verksemdene og den einskilde arbeidstakar i rimeleg grad kan planleggje framtida. Særleg for opplæring og kompetanseoppbygging er dette naudsynt, sa Kjell Opseth.

Statsråden la vekt på at Regjeringa sin økonomiske politikk, og ikkje minst solidaritetslina, har medverka til at det i dei seinare år har vorte ein større stabilitet i den samla byggjeverksemda. Ikkje minst for byggjenæringa og arbeidsplassane der, er det no viktig at Regjeringa får halde fram sin økonomiske stabiliseringspolitikk.

  • Samstundes må byggjeverksemdene tilpasse sin kapasitet og kompetanse til dei oppgåver og krav som byggherrane og styresmaktene set. Det nyttar ikkje å binde seg fast til eit produkt og vente på at ordrane skal kome, sa Opseth.

For 1997 vonar statsråden på ein framleis høg aktivitet innafor byggjenæringa. Dette kan medføre fare for eit visst kostnad - og prispress og fare for kvalitetssenking.

1997 er òg året då viktige endringar i Plan - og bygningslova skal gjennomførast. Meir ansvar vert lagd til dei som står for utføringa av byggjearbeida. Det vil no vise seg om næringa er i stand til å ta dette ansvaret. Dette er eit ansvar som både gjeld kvalitet på byggjearbeida og kostnadene. Næringa har frykta kostnadene av nye krav, men Opseth deler ikkje denne otten.

Statsråden vonar at bustadbygginga vil ta seg opp i 1997, då bustadbygginga har vore låg gjennom heile 90 - talet, i snitt bare 18600 pr år. Det prispress som særleg ser ut til å vere i dei større byane kan tyde på aukande mangel på bustader. Opseth oppmodar byggherrane, bustadsamvirket og kommunane å ta fram gamle regulerings- og byggjeplanar og vurdere om ikkje tida er komen til å setje i gang. Regjeringa legg i den samanhang stor vekt på fortetting og utnytting av eksisterande tomteareal.

Opseth meiner at kanskje det viktigaste no er at byggjenæringa og styresmaktene maktar å overtyde ungdomen om at ein yrkeskarriere innan byggjenæringa kan være eit godt alternativ.

Lagt inn 30 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen