Historisk arkiv

Løyve for offentlege tolkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 06.06.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Løyve for offentlege tolkar

I dag har regjeringa vedteke forskrifter for autorisering av tolkar i offentleg tenesteyting. Løyva gjeld for generell kompetanse i tolking til og frå eit framandspråk.

  • Utøvinga av tolkegjerninga er både ansvarsfull og krevjande, og dei prøvene som kandidatane må gjennom, held eit høgt fagleg nivå, seier statsråd Opseth. Han er glad for at ein no har fått ei ordning som sikrar kvaliteten på tolkinga. Dei som består prøva, blir ikkje automatisk statsautoriserte tolkar, men må søkje Kommunal- og arbeidsdepartementet om løyve. Søkjarane må fylle visse vilkår og å ha ein vandel som gjer dei skikka som tolk.

Det er i ein forsøksperiode halde prøver i seks forskjellige språk. Av dei 92 kandidatane som var oppe til prøve i eit av desse språka, var det 17 som greidde prøva og som no vil kunne søkje om løyve som statsautorisert tolk.

Tolkeprøva blir halde minst ein gong i året i utvalde språk. Neste tolkeprøve blir hausten 1997. Språk er til no ikkje fastsett. Ansvaret for å gjennomføre av autorisasjonsprøva er lagt til Universitetet i Oslo, og retten til å gje løyve er lagt til Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Lagt inn 6 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen