Historisk arkiv

Lyft for blåskjellnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 27.06.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Lyft for blåskjellnæringa

Kommunal- og arbeidsdepartementet vil gje 500 000 kroner til selskapet Fjord-aker AS som eit ledd i å byggje opp ei lønsam blåskjelnæring i Noreg. Midlane vil mellom anna gå til å lage miljøvennlege oppdrettsanlegg.

  • Noreg har ein unik sjanse til å utvikle ei stor blåskjelnæring med si lange kystline og reine vatn. Blåskjelnæringa kan gje utkantstrøka sårt trengte nye arbeidsplassar, og dermed sikre busetjinga på mange utsette stader i alle vestlandsfylkene - om vi lukkast, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Tilhøva i Noreg gjer det mogeleg å dyrke fram blåskjel av høg kvalitet på under to år, men giftalgar, som gjev giftige skjel, har vore eit problem. Noreg har høg kompetanse internasjonalt på algegifter, men kapasiteten er framleis i lågaste laget.

  • Eg vil ta initiativ til at ein, om naudsynt, styrkar det offentlege apparatet som har ansvaret for kontroll av giftinnhaldet i skjel, seier Opseth

Selskapet Fjord-aker AS har sidan 1992 arbeida for å utvikle blåskjelnæringa på Vestlandet. For å gje arbeidet til Fjord-aker AS eit ekstra lyft, vil Kommunal- og arbeidsdepartementet løyve 500 000 kroner til selskapet. - Eg trur dette er god bruk av offentlege midlar. Om prosjektet lukkast, vil samfunnet få igjen mykje meir enn innsatsen, seier Opseth.

Lagt inn 7 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen