Historisk arkiv

"Om finansiering av kommunesektoren"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 31.01.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Ny utgreiing frå Rattsø-utvalet:

"Om finansiering av kommunesektoren"

Professor Jørn Rattsø overleverte i dag fredag 31. januar 1997 ei ny utgreiing til kommunalminister Kjell Opseth: linkdoc036005-020007#docNOU 1997: 8 "Om finansiering av kommunesektoren".

Andre delutgreiing - som også er utvalets siste - handlar om generelle prinsipp for finansiering av verksemda i kommunesektoren, med spesiell vekt på skatt og brukarbetaling som inntektskjelder. Den første utgreiinga, som blei lagt fram for eit år sidan, handla som kjent om inntektssystemet, dvs. kriteria for fordeling av statlege rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar.

  • Etter mi vurdering har Rattsø-utvalet lagt fram eit godt grunnlag for ein viktig prinsipiell debatt om korleis vi skal finansiere tenesteproduksjonen i kommunar og fylkeskommunar i åra framover, seier kommunalminister Kjell Opseth. - Utvalet meiner at ein må vurdere særlege tiltak for einskilde kommunar som tapar på omleggjinga.Dette vil sjølsagt Regjeringa vurdere grundig i det vidare arbeidet med finansieringssystemet for kommunesektoren. Det er viktig at vi no får ein brei debatt om dette. Eg vil sende utgreiinga ut på ei brei høyring før eg og Regjeringa vil ta stilling til utvalet sine forslag. Høyringsfristen blir 1. juni. Regjeringa sine vurderingar vil vi truleg kunne presentere for Stortinget våren 1998, seier Opseth.

Eit samrøystes utval tilrår at selskaps- og formuesskatten blir avvikla som finansieringsgrunnlag for kommunar og fylkeskommunar og vert reint statlege skattar. Samstundes meiner utvalet at ein bør redusere dei bindingar kommunesektoren har til overføringar. Utvalet seier derfor at ein kan auke delen av inntekter frå skatt frå dagens 45% opp mot 50%, gjennom ein auke i kommesektoren sin del av inntektsskatten for personar. Samla gir desse forslaga ei sterkare lokal forankring av kommunsektoren sine inntekter, og ei jamnare inntektsfordeling mellom ulike kommunar.

I Danmark og Sverige blir kommunane tilført skatt basert på eit berekna forskot med eit etterfølgjande korreksjonsoppgjer to år seinare. Utvalet går ikkje inn for denne modellen i Noreg, dersom ein gjer selskapsskatten statleg og ikkje auker skattefridomen for kommunane. Ein må også kunne nytte skattøyren som styringsinstrument i dei årlege økonomiske opplegga for kommunesektoren. Dette for å sikre jamn fordeling av inntektene innanfor ei nasjonaløkonomisk forsvarleg totalramme. Utvalet tilrår vidare at det blir etablert eit meir formalisert samråd mellom staten og kommunesektoren knytta til det årlege arbeidet med kommuneøkonomiproposisjonen.

For ein mer utfyllande presentasjon av utvalet sine vurderingar og forslag, viser ein til utgreiinga og eit eige pressesamandrag frå utvalet.

Lagt inn 31 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen