Historisk arkiv

Oppretting av mellombels område med forbod mot oppankring og fiske på njordfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 11.4.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79

Oppretting av mellombels område med forbod mot oppankring og fiske på njordfeltet

Regjeringa har i dag, 11. april 1997, oppretta eit mellombels område med forbod mot oppankring og fiske med botnreiskap, som botntrål og snurrevad, over forankringssystemet til høvesvis produksjonsplattforma og lagerinnretninga på Njordfeltet.

Norsk Hydro er operatør for utbygging og drift av Njordfeltet.

Kommunal- og arbeidsdepartementet har ut i frå ei heilskapeleg vurdering komen fram til at omsynet til tryggleik klårt taler for oppretting av mellombels område med forbud mot oppankring og fiske på dette feltet.

Forbodet tek til gjelde frå 15. april 1997.

Lagt inn 11 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen