Historisk arkiv

Regjeringa auker innsatsen i utkantkommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

4. september 1997

Regjeringa auker innsatsen i utkantkommunar

Kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth har i dag lagt fram Regjeringa si satsing overfor kommunar med stor nedgang i folketalet. Utkantsatsinga er ei oppfølging av dei løfta som ble gitt i den siste stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken.

- Mange kommunar opplever stor utflytting og dei slit med eit uttynningsproblem. Vi ønskjer å gjere desse kommunane i betre stand til å møte problema og til å påverke si framtidige utvikling. Både staten og fylkesstyresmaktene vil difor gå inn med aktiv støtte til desse kommunane, seier kommunalminister Kjell Opseth.

Utkantsatsinga har fire hovudelement:

  1. Auka prioritet til utkantkommunane frå statleg hald.
  2. Strategiar for utkantsatsing i dei regionale utviklingsprogramma i fylka.
  3. Program for igangsetting av pilotprosjekt i kommunar som vel utradisjonelle løysingar.
  4. Erfaringsformidling, informasjonsspreiing og læring.

Gjennom denne utkantsatsinga vil det òg bli prøvd ut nye utradisjonelle løysingar. Dette er løysingar som har stor overføringsverdi til alle utkantkommunar. I første omgang er sju kommunar valde ut til å delta i eit pilotprosjekt i haust. Dei sju kommunane er Gamvik i Finnmark, Dyrøy i Troms, Tjeldsund i Nordland, Askvoll i Sogn og Fjordane, Utsira i Rogaland, Vågå i Oppland og Engerdal i Hedmark. Ved utveljing av kommunar har ein lagt vekt på ei viss geografisk spreiing og ulike typar kommunar (t.d. innlandskommune, kystkommune, øykommune).

Utkantsatsinga vil òg gjelde dei andre hardast ramma kommunane. Interesserte, aktive kommunar med stor nedgang i folketalet blir inviterte til å sende inn skisse på korleis dei kan tenkje seg å arbeide med uttynningsproblematikken i eigen kommune. Av desse vil fem til sju nye kommunar bli plukka ut til å vere med i pilotkommuneprosjektet frå og med 1998. Dei andre kommunane vil bli fulgt opp gjennom dei erfaringane ein får gjennom prosjektet, samtidig som dei blir fanga opp gjennom satsing i fylkeskommunane. Det er ein føresetnad at kommunane er innstilte på å gjere ein aktiv arbeidsinnsats.

Arbeidet med utkantsatsinga vil ha høg prioritet på sentralt hald i de nærmaste åra, både når det gjeld bruken av økonomiske ressursar og arbeidsinnsats. Fylkeskommunane og kommunane sitt ansvar og medverknad må understrekast. Det er ikkje mogleg å gjennomføre slike tiltak om ikkje desse deltek aktivt.

Oslo, 4. september 1997

Lagt inn 8 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen