Historisk arkiv

Rekordlav arbeidsløyse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 29.05.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Rekordlav arbeidsløyse

For første gong sidan desember 1988 er summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsmarknadstiltak under 100 000.

  • Dette syner at Regjeringa sin politikk har vore vellukka seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. - Eg er nøgd med at den sterke nedgangen i arbeidsløysa held fram. Særleg gledeleg er det at går ned i alle aldersgrupper. Omfanget av permitteringar er meir enn halvert det siste året. Det er avgjerande for den vidare utviklinga at den langsiktige strategi for å redusere arbeidsløysa som Regjeringa har lagt kan førast vidare, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Statsråden peikar og på at heile landet no nyt godt av den positive utviklinga på arbeidsmarknaden. Alle fylke har det siste året hatt ein nedgang i arbeidslause på meir enn 10 prosent, og heile 8 fylke har hatt ein reduksjon på meir enn 20 prosent.

Samla tal for ledige og personar på tiltak er i mai 97 312. Talet på heilt arbeidslause er no 71 742 personar, eller 3,2 prosent av arbeidsstyrken. Talet på deltakarar i ordinære arbeidsmarknadstiltak var i mai 25 570 personar, eller 1,1 prosent av arbeidsstyrken. Summen av heilt arbeidslause og personar på ulike tiltak er redusert med 28 024 personar, eller 22,4 prosent sidan i fjor. Størst reduksjon sidan i fjor i heilt arbeidslause har det vore for ungdom under 25 år. For denne gruppa har talet på heilt arbeidslause gått ned med 23,7 prosent. Det er no 3 446 færre personar som er langtidsarbeidslause enn i mai i fjor og langtidsarbeidsløysa utgjer no 1,2 prosent av arbeidsstyrken.

Lagt inn 30 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen