Historisk arkiv

Sysselsetjinga sikrast gjennom ein ansvarlig økonomisk politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 13.10.97

Statsbudsjettet 1998

Sysselsetjinga sikrast gjennom ein ansvarlig økonomisk politikk

av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Norsk økonomi er inne i det femte året på rad med sterk økonomisk vekst. Regjeringa sin økonomiske politikk, mellom anna knytt til oppfølginga av Solidaritetsalternativet, har medverka til dette. Solidaritetsalternativet blei i førre Langtidsprogram (1994-1997) lagt til grunn som ein brei og samla strategi for å auke verdiskapinga og sysselsetjinga i landet. Dei viktigaste elementa i strategien har vore ein solidarisk lønnspolitikk, ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk og arbeidslinja i velferdspolitikken. Denne strategien har gitt gode resultat.

Sidan 1993 har det blitt over 170 000 fleire i arbeid. Berre i fjor auka talet på sysselsette med 55 000 personar (2,6 prosent). I etterkrigstida er det berre i 1976 og 1987 at veksten i sysselsetjinga har vore sterkare enn i 1996. Sysselsetjinga har så langt i år halde fram med å auke sterkt, og meir enn forventa.

Vidare er arbeidsløysa blitt redusert med nærmare 50 000 personar sidan 1993. Sommaren 1993 hadde vi meir enn 130 000 registrerte arbeidslause, og no i september var 68 000 registrerte arbeidslause. Det er første gang sidan desember 1988 at talet på registrerte arbeidslause er under 70 000. Dette er gledeleg og gjev uttrykk for at Regjeringa sin langsiktige strategi for å takle arbeidsløysa har vore vellukka.

Etter ein så langvarig periode med sterk vekst i sysselsetjinga er det no klare tendensar til mangel på kvalifisert arbeidskraft. Særleg er det mangel på arbeidskraft innan helsesektoren, byggje- og anleggssektoren og innanfor delar av industrien. Det er no viktig å unngå ein tilsvarande utvikling som frå midten av 1980-tallet, da ein kraftig auke i etterspørselen raskt ga reduksjon i arbeidsløysa, men med eit påfølgjande lønns- og prispress etterfølgd av eit dramatisk fall i sysselsetjinga og kraftig auke i arbeidsløysa.

I den noverande sterke oppgangskonjunkturen tilseier dette at det er viktig å føre vidare ein stram finanspolitikk. Ei vidareføring av det inntektspolitiske samarbeidet vil samtidig vere viktig for å unngå veksande pris- og lønnsvekst. Den auka mangelen på arbeidskraft innanfor enkelte sektorar og i enkelte regionar stiller og krav til alle sider av arbeidsmarknadspolitikken.

Ein effektiv formidlingsinnsats må prioriterast, slik at arbeidslause raskt kan gå inn i dei ledige jobbane. Vidare må arbeidsmarknadstiltaka støtte opp om formidlingsarbeidet. Korte yrkesretta kurs som kvalifiserer til jobbar i bransjar med stor etterspørsel etter arbeidskraft blir derfor prioritert. Det vil og vere viktig å halde fram med målretta innsats overfor grupper som møter ein særleg vanskeleg situasjon på arbeidsmarknaden. Dette vil i første rekkje vere ungdom, langtidsarbeidslause, medrekna personar som har brukt opp dagpengerettane, og dei yrkeshemma. Sjølv med sterk betring på arbeidsmarknaden vil det derfor vere behov for eit visst nivå på arbeidsmarknadstiltaka.

Den positive utviklinga på arbeidsmarknaden er på mange måtar unik i internasjonal samanheng. Vel vi ein veg nå som på ny skapar lønns- og prispress, vel vi oss bort frå den vegen som har lagt grunnlag for ein stabil utvikling og tryggleik for framtidig sysselsetjing og velferd.

Lagt inn 13 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen