Historisk arkiv

Utval skal vurdere vallova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 03.10.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Utval skal vurdere vallova

Fylkesmann Sigbjørn Johnsen skal leie eit breit samansett utval som skal drøfte ei rekkje sider ved valet, valordningar og demokrati i Noreg. Utvalet skal mellom anna sjå på representativiteten, kjønn og aldersfordelinga ved valet. Dei skal òg sjå på bruken av nasjonale og lokale folkerøystingar. For å få til ei best mogeleg oppslutning om valet er det òg viktig å sjå på kva for tidspunkt som høver best, til dømes om Stortingsval og kommuneval skal haldast til same tid. Dessutan skal utvalet vurdere den praktiske gjennomføringa av vala og utforminga av vallova.

- Vårt styresett, med representativt demokrati, er avhengig av at innbyggjarane bruker røysteretten sin. Eg er derfor bekymra for at valdeltakinga no blir lågare, særleg ved lokalvala. Tida er no mogen for å vurdere vallova og alt det som høyrer med. Denne gjennomgang av lova er òg viktig fordi det etter kvart har blitt eit svært komplisert regelverk, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Vallova vi har i dag, er frå 1985. Ei viktig endring den gongen var at vi fekk ei felles vallov for stortingsval og fylkestings- og kommunestyreval. Sjølv om vallova er relativt ny, er ho endra før kvart val sidan ho vart vedteken. Resultatet er at vi har fått ei lov som er uoversiktleg og kan vere vanskeleg å praktisere. Ei av oppgåvene for utvalet er derfor å lage forslag til ei enklare og meir fleksibel vallov.

Utvalet har fått ei brei samansetjing med representantar frå alle partia som er på Stortinget i komande periode. I tillegg har Kommunenes Sentralforbund foreslått representantar frå kommunesektoren med kjennskap til praktisk gjennomføring av val. I tillegg er vallovs- og statsrettsekspertise, samfunnsforskarar og media representert i utvalet. Utvalet vil bli leia av fylkesmann Sigbjørn Johnsen, og skal leggje fram innstillinga innan 31. desember 2000.

Oversikt over medlemane i utvalet som skal vurdere vallova og valordninga

Leder:

Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, Ringsaker

Medlemer:

Universitetslektor Ingeborg Wilberg, Bærum Forskingsleiar Bernt Aardal, Bærum Førsteamanuensis Helge Larsen, Tromsø Avdelingsdirektør Gunnar Andrèsen, Nittedal Programsekretær Geir Helljesen, Oslo Kemner Egil Bjørgum, Kristiansand Sekretariatsleder Karen Espelund, Trondheim Sekretariatsleder Martin Kolberg, Lier Gruppesekretær Inger Marie Ytterhorn, Bergen Husmor Ingrid I Willoch ,Fredrikstad Tidl. stortingsrepresentant Solveig Sollie, Skien Tidl. stortingsrepresentant Adjunkt Eva Lian, Hof Partisekretær Turid Leirvoll, Oslo Advokat Harald Hove, Bergen Pensjonist Harald B Haram, Haram Lagt inn 3 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen