Historisk arkiv

Varsling av brann - nødnummer 110

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Oslo, 09.10.97


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Varsling av brann - nødnummer 110

Kommunal- og arbeidsdepartementet har avslått alle klagene på tildeling av nødmeldingssentral for brann, med unntak av klagen frå Gratangen kommune, som har klaga på Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern si tildeling til Harstad. Det skal greiast ut fylkeskommunal overtaking av 110-sentralane med verknad frå 1. januar 1999.

- Alle klagene har fått ein grundig og individuell gjennomgang. I samsvar med dei føresetnader som Stortinget har lagt til grunn i den tidlegare behandlinga av nødmeldetenesta i Noreg, har departementet vore svært restriktiv med å tildele ytterlegare kommunar nødnummer 110. Departementet har som Stortinget i sin behandling, lagt vekt på at dei lokale sentralane ikkje bare skal ivareta det lokale behovet, men også varslingsbehovet ved større ulykker, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.

Innføringa av et felles europeisk nødnummer 112 inneber at fleire ulykkesmeldingar blir varsla over 112 i staden for 110. Dette krev full samordning mellom 110-,112,- og 113-sentralene.

- Dersom ein 112-sentral som skal videreformidle ei brannmelding, må forhalde seg til fleire 110-sentraler, aukar moglegheitene for at feil 110-sentral blir alarmert med påfølgjande tidstap, seier Kjell Opseth.

Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) har vedteke at varsling av brann skal skje ved 48 regionale 110-sentralar. Enkelte kommunar har vore ueinige i lokaliseringa av dei regionale 110-sentralane, og har søkt på nytt om å få nødnummer 110 til eigen lokal varslingssentral. DBE har ut i frå ei fagleg vurdering gått i mot dette, med unntak av for to, nemleg Ørsta/Volda.

Etter behandlinga av sakene i DBE har 23 kommunar klaga til departementet på at dei ikkje har fått 110-sentral lagt til sin kommune. Klagene er no behandla av Kommunal- og arbeidsministeren og avslått, med unntak av klagen frå Gratangen kommune, som har klaga på DBE si tildeling til Harstad. Vidare er det vedteke at spørsmålet om ei framtidig overføring av ansvaret for dei no vedtekne 110-sentralane frå kommunen til fylkeskommunane blir utgreidd med sikte på ei slik overføring frå 1. januar 1999.

- Å etterkome alle klagene, ville dette vore i sterk strid med føresetnadene for å opprette den regionale nødmeldetenesta. Det er no tatt ei avgjerd som er i samsvar med DBE sin faglege tilråding. Dette inneber at vi får ein einskapleg og operativ nødmeldeteneste over hele landet. Innbyggjarane i alle kommunane vil være sikra at de kommer til ein nødmeldesentral med tilstrekkeleg ressursar med omsyn til erfaring, kompetanse og oversikt for å kunne ta hand om både større og mindre ulykker, seier Kjell Opseth.

Lagt inn 10 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen