Historisk arkiv

Innvandring og det flerkulturelle Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Statsråd Kjell Opseth

Kommunal- og arbeidsdepartementet

Innvandring og det flerkulturelle Noreg

Pressekonferanse 25. februar 1997


Noreg er eit fleirkulturelt samfunn, anten vi likar det eller ikkje. Dette opnar mange nye vegar til kunnskap, men gjev oss også utfordringar som vi må ta fatt i. Dette er bakgrunnen for at regjeringa førstkommande fredag legg fram ei melding, som ikkje berre gjeld innvandrarar og deira situasjon, men heile det norske samfunnet i åra framover.

Eg vil ha eit samfunn der mangfald og fellesskap går i hop. Difor må vi kjempe mot alle former for utestengjing av menneske med innvandrarbakgrunn. Antropologen og samfunnsdebattanten Thomas Hylland Eriksen har sagt det om lag slik:

  • "Jo mindre ope det norske samfunnet er for mangfald, jo meir freista blir minoritetar til å trekkje seg tilbake i små, tette fellesskap, der dei fritt kan praktisere sin kulturelle sjølvråderett".

Han har absolutt rett i dette. Integrering i eit fleirkulturelt samfunn stiller krav om tilpassing til både majoritet og minoritetar. Regjeringa ønskjer ikkje eit samfunn der ulike grupper lever isolert frå kvarandre, i kvar si "bås". Det kjem klårt fram i plattforma for meldinga. Hovudpunkta i denne er at:

  • kulturelt mangfald er ein rikdom og ein styrke for fellesskapet

  • på alle område må det leggjast til rette for dialog, samhandling og nyskaping

  • rasisme og diskriminering er i strid med dei grunnleggjande verdiane våre og må motarbeidast aktivt

  • integrering, likestilling og deltaking er ein føresetnad for at samfunnet skal få del i innvandrarane sine ressursar og erfaringar

  • deltaking på like vilkår føreset eigeninnsats og at alle tek ansvar og gjer sine plikter

  • alle innbyggjarar har rett til å hevde sine verdiar, følgje kulturelle tradisjonar og praktisere si tru, innafor ramma av norsk lov og grunnleggjande menneskeretter

  • praktiske løysingar på konfliktar må finnast gjennom dialog, gjensidig tilpassing og demokratiske prosessar

  • på nokre område er særtiltak naudsynte for å dekkje særlege behov eller fordi det er i fellesskapet si interesse (norsk, rekruttering)

Eg vil gjerne nytte høvet til å streke under kor naudsynt det er med dialog og samhandling dersom vi vil ha eit samfunn utan djupe konfliktar. Dialog tyder sjølvsagt ikkje at vi skal gå på akkord med grunnverdiar og -prinsipp. Vi skal heller ikkje sjå bort frå at det er fleire syn og spenningar mellom kvinner og menn og mellom generasjonar, også blant menneske med innvandrarbakgrunn. Regjeringa vil difor lytte til mange, ikkje berre til dei som ofte kjem fram i media. Eg ønskjer særleg å få fram synspunkt frå ungdom og kvinner, mellom anna gjennom Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske styresmakter.

Forsking og statistikk har meldt om dårlege levekår for grupper av innvandrarar og borna deira på fleire sentrale samfunnsområde. For to veker sidan kom den nye rapporten frå Statistisk sentralbyrå om levekåra til innvandrarar med bakgrunn i åtte ikkje-vestlege land i 1996. Inntrykket mitt er at vi kan hente mykje nyttig informasjon frå ei slik spørjeundersøking. Personleg blir eg slått av dei store variasjonane, også mellom ulike grupper med liknande bakgrunn og butid her i landet. Vi blir minte om kor farleg det er å byggje politikken på generaliseringar om korleis innvandrarar lever. Dei aller fleste innvandrarar i arbeidsfør alder har arbeidsinntekt og gjer ein heilt naudsynt innsats i industri, handel og tenesteyting, til dømes i helsesektoren.

Ulike prioriteringar og syn på kva som er eit godt liv, kjem fram i Statistisk sentralbyrå si undersøking. Dette er stort sett ikkje noko problem for samfunnet. Problemet er den omfattande ulikskapen vi finn på område som arbeid, inntekt, butilhøve og diskriminering. Mange av dei som må byggje opp livet sitt på nytt her i landet, treng sjølvsagt ei tid før dei har om lag same levekåra som dei som er fødte og oppvakse her. Den store utfordringa for regjeringa er å hindre at dårlege levekår går i arv frå den første generasjonen innvandrarar til barna deira og at ny sosial ulikskap, oppstår og sementerast.

På bakgrunn av denne hovudutfordringa er regjeringa sitt overordna mål for integreringspolitikken i eit fleirkulturelt samfunn at:

  • alle skal ha same sjansar, retter og plikter til å delta i samfunnet og nytte ressursane sine, utan omsyn til opphav

For å nå dette målet må vi særleg setje inn tiltak på tre område:

  • norskopplæring for barn, unge og vaksne

  • kvalifisering for arbeidslivet

  • arbeid mot rasisme og diskriminering

Gode kunnskapar i norsk språk er nøkkelen til dei fleste dørene i det norske samfunnet, for ikkje å seie huset. Det er grunnlaget for å bli sjølvberga gjennom arbeid, for å ta vidare utdanning og for å delta og øve påverknad på mest alle andre område. Betre norskopplæring og anna kvalifisering for arbeid er difor satsningsområde i meldinga. I høve til vaksne innvandrarar vil regjeringa:

  • styrke opplæringa i norsk med samfunnskunnskap, slik at opplæringa i innhald og omfang bli betre tilpassa til den einskilde sitt behov. Særleg omsyn vil bli teke til personar utan lese- og skrivekunnskapar og personar med særs lite utdanning frå heimlandet.

  • stimulere kommunane til - i samråd med innvandrarorganisasjonar - å motivere og rekruttere dei som ikkje søkjer opplæring i norsk på eige initiativ

  • gje eit tilbod om eksamensretta grunnskuleopplæring til innvandrarar i alderen 16 til 20 år som ikkje har grunnskule eller tilsvarande utdanning.

  • etablere ei praktisk dokumentasjonsordning - yrkesprøving - for å gjere vurderinga av utanlandsk fagutdanning enklare

  • kartleggje problema med godkjenning av utanlandsk utdanning, og komme med framlegg til effektive løysingar

  • gjere sambandet mellom kva nye innvandrarar får i offentlege stønad og deira deltaking i kvalifiseringstiltak tydelegare, mellom anna gjennom individuelle handlingsplanar. Alternativ til stønad etter sosialtenestelova dei første fem åra etter busetting vil bli vurdert.

  • leggje til rette for aktiv rekruttering av kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn til alle deler av offentleg sektor.

Barn og unge er framtida for det fleirkulturelle samfunnet. Oppvekst, skulegang og familien sine levekår legg grunnlaget for deltaking. Tiltak for å sikre barn og unge trygge oppvekstkår og like sjansar er med i alle delar av meldinga. Tilhøve i einskilde storbyområde er i fokus. I høve til språkopplæring og utdanning vil regjeringa:

  • setje i gang eit treårig forsøk med gratis pedagogisk korttidstilbod i barnehage for alle femåringar i ein bydel i Oslo indre aust.

  • gje elevar med dårlege norskkunnskapar den første lese- og skriveopplæringa på morsmålet sitt, ut frå prinsippet om tilpassa opplæring. I tillegg kan aktuelle morsmål vere tilvalspråk på ungdomssteget, og elevar kan få tospråkleg fagundervisning til dei har nok utbytte av undervisninga på norsk.

  • nytte ressursar som blir frigjorde ved å avgrense morsmåls- opplæringa til å styrkje norskopplæringa og til tospråkleg fagundervisning

  • auke rekrutteringa av minoritetsspråklege elevar til vidaregåande opplæring gjennom god informasjon, rådgjeving, samarbeid skule - heim og positive føredøme. Skuler, verksemder og fylkeskommunar må gjere ein ekstra innsats for å skaffe plassar for lærlingar frå språklege minoritetar.

  • greie ut nye tiltak for å få fleire minoritetsspråklege studentar til høgre utdanning, særleg til profesjonstudium med stor kontaktflate mot grupper med innvandrarbakgrunn

  • gjere framlegg om å lempe på kravet til minoritetsspråklege lærarstudentar om kunnskapar i norsk sidemål. Lærarane i Noreg må i større grad spegla det språklege og kulturelle mangfaldet i skulen.

Rasisme og diskriminering inneber at innvandrarar og andre minoritetar blir stengt ute frå deltaking, slik at dei ikkje får høve til å nytte kunnskapane sine. Innsats mot rasisme og diskriminering er difor ein føresetnad for at alle skal kunne ha like sjansar, rettar og plikter i høve til arbeidsliv, utdanning, bustadmarknad, kulturliv osb. Meldinga gjer framlegg om:

  • sterkare vern mot rasisme og diskriminering. For ein prøveperiode vil regjeringa - i samråd med frivillige organisasjonar - setje i verk ei ordning som skal gjere det enklare å få juridisk bistand for personar som blir råka av diskriminering. Eit anna føremål med ordninga er å hjelpe styresmaktene med å overvake utviklinga på området.
  • ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering, laga i samarbeid med fleire departement.
  • forbod i arbeidsmiljølova mot forskjellsbehandling på grunnlag av rase, hudfarge, nasjonal eller etnisk bakgrunn ved tilsetjingar, som regjeringa vil legge fram i vår.
  • betre informasjon, mellom anna til innvandrarorganisasjonane, om nytten av å bruke konfliktråd i kvardagskonflikter
  • slutt på tilfeldige utlendingskontrollar på gata som berre byggjer på hudfarge, språk, namn eller framferd.

Det er i tillegg til desse hovudområda ei rekkje andre tiltak i meldinga som det ikkje er tid til å gå inn på her, anna enn gjennom ei kort oppramsing. Regjeringa vil mellom anna:

  • gje personar med innvandrarbakgrunn betre sjansar til å kjøpe eller leige bustad og støtte utvikling av gode fleirkulturelle bumiljø
  • auke støtta til fleirkulturelle prosjekt i kulturlivet, mellom anna i idretten
  • sikre ei kvalitetsheving av barneverntenesta i høve til innvandrarar
  • samordne politikken i høve til mangfaldet i trus- og livssynsspørsmål
  • føre vidare Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske styresmakter som eit viktig rådgjevande organ
  • betre kunnskapsgrunnlaget om innvandring og det fleirkulturelle Noreg

Regjeringa legg no fram sine konkrete tiltak for drøfting i Stortinget og blant folk. Skal vi makte utfordringane i det fleirkulturelle Noreg, må kvar einskild av oss og frivillige organisasjonar vise ansvarskjensle og engasjement. Alle er med på å påverke utfallet, gjennom demokratiske prosessar og i vårt daglige virke. Som statsråd vil eg gjere mitt for å løyse dei utfordringane vi møter. Samstundes ventar eg at alle innvandrarar bidrar aktivt. Utan deira innsats vil vi ikkje kunne sikre at vi i framtida får eit samfunn som tek vare på og inkluderar alle, utan omsyn til hudfarge og bakgrunn.

Lagt inn 25 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen