Historisk arkiv

Næringsutvikling i Norge - begynner det i skolen?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Statsråd Kjell Opseth

Kommunal- og arbeidsdepartementet

Næringsutvikling i Norge - begynner det i skolen?

Innlegg på Fra læring til næring - Landskonferansen 1997 18. februar 1997
Kommunaldepartementets satsing på små og mellomstore bedrifter - større engasjement fra regionale aktører


Eg er beden om seie litt om Kommunaldepartementet si satsing på små og mellomstore bedrifter - og ynsket om større engasjement frå regionale aktørar.

Dette er eit viktig satsingsområde for oss, men eg må gjere merksam på at når Kommunaldepartementet satsar på små og mellomstore bedrifter, så er det ikkje på grunn av storleiken på bedriftene. Desse bedriftene utgjer heile 99 % av bedriftene i Noreg og dei har så mykje som 72% av sysselsetjinga. Små og mellomstore bedrifter utgjer såleis det alt vesentlege av næringslivet i Noreg, og det har difor lite meinig å satse spesielt på desse på grunn av storleiken.

Det som gjer små og mellomstore bedrifter interessante for oss, er at vi blant dei små og mellomstore kan finne mange av kimane til framtidas næringsliv - det næringslivet som barna og barnebarna våre skal leve av om 20 år. Utskiftinga i næringslivet er stor. Frå 1980 til 1990 forsvann til dømes halvparten av alle industribedriftene. Vi må rekne med ut utskiftinga blir minst like stor i åra som kjem, og den store utfordringa er å få fram fleire og betre bedrifter som kan fylle tomrommet etter dei som forsvinn.

Når Kommunaldepartementet satsar på små og mellomstor bedrifter er det såleis nyskaping i næringslivet vi er på jakt etter - og vi ynskjer auka engasjement frå regionale aktørar når det gjeld den kunnskapsutviklinga som er naudsynt i og for næringslivet.

Ettersom skulane er nøkkel-aktørar når det gjeld kunnskapsutvikling omkring i landet - trur eg at den beste måten å svare på det eg er beden om - er å kommentere hovudtemaet i dag: "Næringsutvikling i Norge - begynner det i skolen?".

Eg vil gjengi nokre kjende visdomsord:

Betre byrdi
du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.

D'er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmans trøyst.

Det er gamal visdom at kunnskap er gull verd. Dette var ei viktig sanning her til lands for 1000 år sidan - og er kanskje endå viktigare i dag og i åra framover.

Tidlegare fann folk næringsgrunnlaget sitt i jord og skog, hav og fjell. Fortsett kan mange det, men i aukande grad er det i eige hovud ein må samle og hente det som skal gje jobb og næring.

Dei seier vi er på veg inn i "kunnskaps-samfunnet" - eit samfunn der kunnskap er ein av dei tyngste drivkreftene i utviklinga. Dette kan få store innverknader for enkeltmenneska, lokalsamfunnet og storsamfunnet. Samfunnet må innretta seg på at det er dei nye næringane som er dei veksande - det er andre yrkje og annan kompetanse enn før som trengst - og den enkelte må skaffe seg stadig ny kunnskap for å følgje med i utviklinga.

For meg som Kommunalminister er konsekvensane for kommunane i distrikts-Noreg ei særleg utfordring. Vi ser at veksten i de nye kunnskaps-næringane hovudsakleg kjem i sentrale strok, og vi ser at dette ikkje teiknar godt for busetjingsmønsteret på lengre sikt.

Men eg har tru på skulane i denne samanhengen. Skulane - som har fotfestet sitt i lokalsamfunna - er viktige kunnskapskjelder og kulturberarar i kommunane.

Skulane kan gjere mykje. Først og fremst må dei gje ungdommen den kunnskap dei treng når dei skal ut i arbeidslivet - og livet elles.

Også om dette har Håvamål relevante bodskapar:

Måteleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
For sjeldan er hugnad
i hjarta å finne
hjå honom som ovklok er.

Meininga med distriktspolitikken er å ta vare på kultur og levevis som er unik i historia og verda - og som har ein eigenverdi i Noreg som ein mangfaldig kulturnasjon - og det er til dømes i distrikta vi kjenner oss mest at i den mentaliteten som kjem til uttrykk i Håvamål.

Å oppretthalde busetjingsmønsteret er såleis eit verkemiddel der formålet er å ta vare på levande og særprega samfunn og kulturelle ytringsformar. Men skal vi lukkast med dette, så må folk flest og ungdomen spesielt " finne hugnad i hjarta" ved å satsa på ei framtid på heimstaden.

Mi bekymring er at skulen ikkje alltid gjev ungdomen den kunnskap som gjev dei "hugnad i hjarta". På den eine sida trur eg skulen altfor ofte utdannar ungdomen ut av lokalsamfunnet - og ut av den tradisjonelle og verdfulle kulturen. Dessutan meiner eg at det er eit problem at skulen i for stor grad utdannar ungdomen til yrkje det ikkje er mogeleg å få jobb i.

Skulen må gje ungdomen betre grunnlag for å bli buande - eller kome tilbake til heimstaden etter avslutta utdanning. Men då er det viktig at skulen ikkje berre lærer ungdomen det dei treng for å søkje jobb. Det er stadig viktigare at skulen trenar ungdomen i å skape sin eigen arbeidsplass. Satsingar som "Distriktsaktiv skule" og

Ungdomsbedrifter" er såleis - etter mi meining - noko av det beste som er på gang når det gjeld næringsutvikling og distriktsutvikling her i landet.

Meir allment vil eg hevda at auka samspel mellom skule og næringsliv er avgjerande for næringsutviklinga i distrikta i åra framover. Kommunaldepartementet har lenge vore engasjert i dette arbeidet. Vi har vore med nesten frå starten av "Distriktsaktiv skule". Saman med KUF, dro vi også igang det store forsøket som førte til skipinga av "Ressurssenter" ved mange vidaregåande skuler i alle fylka. Etter det eg veit, er over tre hundre skular med på dette no.

Eg er glad før at så mange skuler og lærarar legg breisida til for å bli ein ressurs for næringsutvikling i sine område. Opplæring innanfor arbeidsmarknads-systemet er viktig i denne samanhengen, men det trengst noko meir. I tillegg til kurs og konsulenttenester trengst det meir av brei innsats for at heile utdanningstilbodet i fagopplæringa - og utdanninga elles - vert tilpassa næringslivet sitt behov.

Kommunaldepartementet vil også framover vere tungt engasjert på dette feltet, men vi trur på lokaldemokratiet - og at prioriteringar bør gjerast nær dei det er viktigast for. Vi har difor i aukande grad satsa på at det er kommunane og fylkeskommunane som skal følgje opp satsingane kring Distriktsaktiv skule, Ressursentra og liknande.

Men vi vil stø opp under dette arbeidet - og fylkeskommunane (innanfor det distriktspolitiske verkeområdet) kan til dømes bruke pengar frå Kommunaldepartementet sitt budsjett til dette. Vi vil elles delta i diskusjonen om kor viktig det er å prioritere utdanning med tanke på næringsliv og næringsutvikling. Problemet er at det er nokre kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gripe skikkeleg fatt i dette viktige satsingsområdet.

I Håvamål sitt vers nr. 58 heiter det:

I otta du rise
vil du rikdom taka,
og vil du folk felle.
Sjeldan liggjande ulv
lammekjøt fær,
eller sovande mann siger.

Det er kanskje feil å samanlikne fylkeskommunane med liggjande ulvar og kommunane med sovande menn - men det hastar for mange i distrikta å bli dyktigare til å utvikle, halde på, og trekkje til seg den kompetansen som trengst for å få til den næringsutviklinga vi ønskjer i åra framover.

I distriktspolitisk samanheng er konkurransen om kompetanse ein avgjerande faktor i åra framover. Dei stadane som konkurrerer best om kompetansepersonar og kompetansebedrifter, er dei som vil klare seg best. Eg syner til resultatet av Ericsson sine planar om å flytte frå Hisøy, Arendal. Det er ikkje så enkelt lenger å flytte bedrifter, når dei viktigaste "produksjons-reiskapane" er samla i hovudet til dei tilsette.

Vi i departementet må også gjere noko meir og betre på dette feltet.

Eg ser det til dømes som viktig at vi får til eit samarbeid mellom skulesektoren og næringslivet når det gjeld kva slags yrkje det vil vere behov for i framtida. I Haugaland-regionen i Rogaland har ein til dømes førebudd eit spennande prosjekt, som vi vil sjå nærare på. Dei tek utgangspunkt i at det er ei motsetning mellom det ungdommen lærer og dei krava dei møter når dei skal ut i arbeidslivet. Haugaland Næringsutvikling legg så opp til å gjennomføre i rekkje tiltak, som kvar for seg har mykje til felles med det ein gjer andre stader i landet. Men det er eit heilskapleg perspektiv i denne satsinga som eg trur andre kan lære av.

Vi vil følgje opp dette utviklingsarbeidet. Hovudsaka må vere å spreie ideane og erfaringane til andre deler av landet, men vi vil også følgje opp sentralt i samarbeid med KUF.

Målet vil vere å leggje betre til rette for at ungdommen (og alle andre) blir best mogeleg kvalifisert for å delta i - og å skape - det næringslivet vi treng i distrikta og landet elles i åra framover.

Til slutt eit siste visdomsord. Hugs at:

Utdanning er ikkje kva vi har lært,
men det vi har igjen når vi har glømt det vi har lært.

Lagt inn 18 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen