Historisk arkiv

Norges idrettsforbund får 237,89 Mill kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 101/96
13.12.96

Norges idrettsforbund får 237,89 Mill kroner

Norges Idrettsforbund får 237,891 mill. kroner av det forventa speleoverskotet for 1996 i Norsk Tipping AS. Dette blei fastsett i statsråd fredag.

I overføringa ligg 17,5 mill. kroner i øyremerkte midlar til prioriterte område som anti-doping arbeid, barn, ungdom, kvinner og eldre. Dessutan skal 2,5 mill. kroner gå til forsking på område idretten sjølv meiner er viktig. 1,7 mill. kroner er sett av til integrering av funksjonshemma idrettsutøvarar i organisasjonen. 0,2 mill. kroner skal nyttast til prosjektet "Idrett mot vold".

Til Noregs deltaking i OL og Paralympics i Nagano i 1998 og Sydney i år 2000 blir det sett av 12,250 mill. kroner. Kulturdepartementet ser til at midlar blir sett av i ein 4-års periode fram til dei neste vinter- og sommerleikane, slik at belastninga på spelemidlane kan fordelast over fleire år.

Det samla speleoverskotet for 1996 til idrettsformål blir rekna til om lag 607 mill. kroner. I tillegg til tilskotet til Norges Idrettsforbund går midlane til idrettsanlegg og enkeltprosjekt. Fordelinga til desse formåla blir fastlagt etter årsmøtet i Norsk Tipping AS i april 1997.

Lagt inn 16 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen