Historisk arkiv

Betre vilkår for kunstnarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

85/97, 13.10.1997

Betre vilkår for kunstnarane

Regjeringa følgjer opp kunstnarmeldinga som Stortinget behandla i vår, gjennom ei rekkje tiltak som innafor ei økonomisk ramme på 50 mill. kroner i året skal betre vilkåra for kunstnarane. Satsinga skal særleg komme yngre kunstnarar til gode, fordi svært mange av desse har vanskar med å etablere seg, og fordi dei i liten grad har fått nyte godt av dei eksisterande ordningane. I framlegget til statsbudsjett for 1998 er det foreslått å

  • opprette ei ny ordning med arbeidsstipend for yngre kunstnarar. 125 kunstnarar vil kvar få 136 000 kroner i året, noko som vil koste 20 mill. kroner.
  • auke talet på tidlegare arbeidsstipend frå 168 til 180, samtidig som stipendsummen blir heva frå 104 000 til 136 000 kroner i året, noko som vil koste 8 mill. kroner.
  • innføre ei ordning med tidsavgrensa aspirantstillingar i kunstinstitusjonar. For 1998 er det foreslått 18 stillingar i lønssteg 17 til ein samla kostnad av 4 mill. kroner.
  • auke avsetninga til utstillingsstipend med 1 mill. kroner til 4 mill. kroner, slik at fleire biletkunstnarar, kunsthandverkarar og fotografar kan lage betre og meir profesjonelle utstillingar.
  • auke innkjøpssummen for ny norsk biletkunst med enda 3 mill. kroner, fordelt på 2,25 mill. kroner til Museet for samtidskunst, 0,5 mill. kroner til Utsmykkingsfondet og 250 000 kroner til Nasjonalgalleriet.
  • løyve 1 mill. kroner ekstra til Norske Kunsthåndverkeres fond for innkjøp av norsk kunsthandverk. Samla løyving blir 2,1 mill. kroner.
  • styrke Norsk kulturråds støtteordning for dei frie sceniske gruppene med 7 mill. kroner, til ei samla løyving på 27,1 mill. kroner
  • gi Norsk kulturråd 3 mill. kroner for å opprette eit eige treårig utviklings-program for kunst i det fleirkulturelle samfunnet. Samla løyving blir 5 mill. kroner.
  • gi Norsk kulturråd 3 mill. kroner til ei ny treårig forsøksordning for å stimulere til utvikling av nye kunstuttrykk med hjelp av nye medium.

Talet på garantiinntekter, stipend for eldre fortente kunstnarar, æresstipend og æresløner vil bli som før.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen