Historisk arkiv

Gjennomgang av scenekunstområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

92/97, 13.10.1997

Gjennomgang av scenekunstområdet

Regjeringa har starta eit arbeid med gjennomgang av scenekunstområdet for å vurdere nærare kva for effekt ein får ut av midlane som blir løyvde over statsbudsjettet. I budsjettforslaget for 1998 blir det derfor ikkje foreslått andre endringar på scenekunstområdet enn ein auke på 7 mill. kroner til frie sceniske grupper og 5,8 mill. kroner til Norsk amatørteaterråd.

Scenekunstområdet, inkludert utgiftene til drift av Riksteatret, får i 1997 ei løyving på vel 674,7 mill. kroner. Dette utgjer meir enn 28 prosent av den totale løyvinga til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett. I tillegg kjem 20,1 mill. kroner som blir forvalta av Norsk Kulturråd, m.a. tilskottsmidlar til dei frie sceniske gruppene.

Gjennomgangen av scenekunstområdet tek utgangspunkt i det målet som er uttrykt i Langtidsprogrammet 1998-2001, nemleg at alle delar av landet skal ha tilgang til kulturuttrykk og kulturaktivitetar. Desentraliserte aktivitetar skal vidareførast, samtidig som nasjonale og regionale institusjonar skal sikrast.

Gjennomgangen av scenekunstområdet bør m.a. ta for seg tema som Riksteatrets oppgåver og organisering, ei mest mogleg effektiv ressursutnytting i scenekunstinstitusjonane, personalpolitikken m.o.t. fast tilsetjing eller engasjement ved dei faste scenene, tilhøvet mellom institusjonsteatra og dei frie sceniske gruppene og dansen si stilling. Ein bør også ta for seg tema som organisering, finansiering og ansvarsdeling på scenekunstområdet.

Den siste grundige gjennomgangen av scenekunstområdet skjedde for snart ti år sidan med NOU 1988:1 Scenekunst. Denne vart til dels følgt opp i stortingsmeldinga "Kultur i tiden", noko som m.a. resulterte i endringar i ansvarsstrukturen på scenekunstområdet.

Regjeringa meiner det er naudsynt med ein ny gjennomgang av eit område som har mykje å seie kulturpolitisk, og med stadig større økonomisk tyngd på kulturbudsjettet, slik at saka seinare kan leggjast fram for Stortinget.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen