Historisk arkiv

Hovudtrekka i pressestøtta blir ført vidare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

108/97, 13.10.1997

Hovudtrekka i pressestøtta blir førte vidare

Dagspressa må ha rammevilkår som gjer at demokrati og ytringsfridom blir sikra. Hovudtrekka i tilskotsordningane til pressa vil derfor halde fram.

Det er gjort framlegg om ei løyving på 203,2 mill kroner til produksjons- tilskotet. Fordelinga av tilskotet vil skje på grunnlag av gjeldande forskrift.

Regjeringa gjer framlegg om å ta bort løyvinga til pressekontor med tilknyting til dei partia som er representerte på Stortinget. Departementet viser til at løyvinga på om lag 7 mill. kroner i 1997 meir har hatt preg av å vere støtte til partia enn pressestøtte.

Tilskotet til samiske aviser og innvandraraviser blir på om lag 9,2 mill. kroner i 1988, ein auke på vel 4 prosent. Tilskotet til anvendt medieforsking og etterutdanning, særskilde publikasjonar og distribusjonstilskotet til avisene i Finnmark er ført vidare på om lag same nivå som i 1997.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen