Historisk arkiv

Krigkastingsavgifta aukar med 35 kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

109/97, 13.10.1997

Kringkastingsavgifta auker med 35 kroner

For å halde oppe eit sterkt norsk allmennkringkastingstilbod er det viktig at NRK har økonomiske rammevilkår som set selskapet i stand til å ivareta hovudoppgåvene sine. Departementet gjer derfor framlegg om å auke kringkastingsavgifta for fargemottakarar med 35 kroner, frå 1495 til 1530 kroner. Auken er i hovudsak ein kompensasjon for pris- og lønsutviklinga.

Det blir også gjort framlegg om at den særskilde kringkastingsavgifta for svart/kvittmottakarar blir fjerna, slik at det blir betalt same lisens for svart/kvitt som for fargemottakarar. Dagens ordning med to ulike lisenssatsar fører til eit dobbelt administrativt system i NRK som tek ressursar bort frå andre prioriterte oppgåver. I tillegg er talet på dei som har svart/kvitt-apparat sterkt fallande og var på 9800 ved utgangen av 1996.

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen