Historisk arkiv

Nytt statsarkivbygg i Kristiansand - Riksarkivet får meir magasinplas

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

105/97, 13.10.1997

Nytt statsarkivbygg i Kristiansand

- Riksarkivet får meir magasinplas

Statsarkivet i Kristiansand flyttar i haust inn i eit nybygg på 2600 kvm. Frå nyttår tar Riksarkivet på Kringsjå i Oslo i bruk det nye fjellmagasinet sitt på 4500 kvm. Dei høgare utgiftene til husleige og bygningsdrift i 1998 gjer at løyvinga til Arkivverket blir auka med vel 8 mill. kroner.

Statsarkivet i Kristiansand har halde til i uhøvelege lokale og har i tillegg leigd magasinplass annan stad. Når heile verksemda no blir samla i eit nytt bygg, vil drifta bli meir rasjonell. Heile arkivbestanden er i dag på knapt 6 000 hyllemeter, mens det i nybygget er plass til 16 000 hyllemeter. Dette gjer at ein m.a. kan få teke hand om eldre arkivmateriale frå statsforvaltninga i Agder-fylka, materiale som for lengst skulle vore avlevert.

I sentralforvaltninga er opphopinga av avleveringsmodent arkivmateriale eit enda større problem. Dei noverande magasinlokala i Riksarkivet er på det nærmaste fulle. Det nye fjellmagasinet representerer derfor ein nødvendig føresetnad for å kome i gang med ei gradvis nedbygging av etterslepet. I alt er det plass til 45 000 hyllemeter med papirarkiv i dei nye magasinhallane.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen