Historisk arkiv

Polarbadet får tilleggsmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 79/97
03.10.1997

Polarbadet får tilleggsmidlar

Kulturdepartementet vil bidra med ei tilleggsløyving på 2,4 mill. kroner til Polarbadet i Målselv etter søknad frå Målselv Kultur- og Næringspark AS. Planen for sluttfinansiering av badet føreset ei tilleggsløyving på totalt 8 mill. kroner. Kulturdepartementet set som vilkår at finansieringsplanen blir oppfylt av dei andre tilskottspartane.

Polarbadet var opphavleg kostnadrekna til 40 mill. kroner. Av dette har Kulturdepartementet tidlegare løyvt 12 mill. kroner. Etter at badet blei teke i bruk i juni 1995, er det avdekt alvorlege manglar ved bygget, som krev omfattande utbetringar. Målselv Kultur- og Næringspark AS har reist sak mot firmaet som hadde ansvaret for prosjekteringa og byggjeleiinga for Polarbadet, med krav om ei godtgjersle på 20 mill. kroner. Dersom eigarselskapet når fram med søksmålet, vil Kulturdepartementet krevje betalt tilbake eit beløp som står i forhold til sin del av tilleggsfinansieringa.

Ekspedisjonssjef Hans B. Skaset, tlf. 22 24 80 50

Lagt inn 3 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen