Historisk arkiv

Særlege retningslinjer for tildeling av arbeidsstipend for yngre kunstnarar 08.12.97

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Særlege retningslinjer for tildeling av arbeidsstipend for yngre kunstnarar 08.12.97

1 Formål

Arbeidsstipendet skal gi yngre kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarisk og setje dei betre i stand til å leve av å vere kunstnarar.

2 Talet på stipend og fordelingav dei, saksbehandling

Det blir gjennom behandlinga av budsjettet kvart år fastsett kor mange arbeidsstipend for yngre kunstnarar som skal delast ut, og kor stort stipendet skal vere.

Kunstnarorganisasjonane har kvart år innan 1. februar høve til å uttale seg til Kulturdepartementet om behovet for og omfanget av stipend det følgjande året.

Departementet fastset fordelinga av stipend mellom dei ulike kunstartane etter samråd med kunstnarorganisasjonane og Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar.

Utvalet tildeler stipend etter innstilling frå stipendkomiteane som er oppnemnde av kunstnarorganisasjonane.

For kunstartar der det ikkje peiker seg ut ein representativ sakkunnig organisasjon, kan Norges Kunstnerråd eller motsvarande samorganisasjon for kunstnarorganisasjonar oppnemne stipendkomite. Det same gjeld om ein organisasjon ikkje oppnemner stipendkomite innan fastsett frist, eller om innstillinga ikkje blir laga i samsvar med retningslinjene. Utvalet skal rettleie stipendkomiteane om prinsippa for forsvarleg saksbehandling og så langt det er mogleg føre tilsyn med at desse blir følgde.

3 Vilkårfor søknad og tildeling

Arbeidsstipendet kan tildelast yngre kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg. Ein kan gjere unntak når det er rimeleg.

For å bli rekna som yngre kunstnar i etableringsfasen må ein i første søknadsåret ha fullført kunstnarutdanning frå norsk høgskole høgst tre år tidlegare. Det kan gjerast unntak på grunn av barneomsorg, langvarig sjukdom, vernepliktteneste og sivilarbeid. Dei utanlandske høgskolane som er godkjende for kunstfagstipend av Statens lånekasse, blir rekna som likeverdige. For høgskolar der utdanninga er delt opp i ei grunnutdanning og ei utdanning på høgare nivå (hovudfag, diplom e l), er det fullført høgare nivå som kvalifiserer for å søkje.

Kunstnarar utan formell utdanning kan søkje stipend om dei kan dokumentere eit godt kunstnarisk nivå. Desse kunstnarane skal ikkje vere over 35 år i første søknadsåret. Ein kan gjere unntak i særlege tilfelle.

Ein som får arbeidsstipend for yngre kunstnarar, kan ikkje samtidig ha andre statlege stipend som blir rekna som arbeidsinntekt. Stipendiatane kan motta reise -/studiestipend, materialstipend, etableringsstipend og utstillingsstipend.

4 Søknaden

Søknaden skal skrivast på eige skjema, og søkjaren må gjere greie for kva han/ho har tenkt å nytte stipendtida til og dokumentere det kunstnariske nivået.

Alle offentlege eller private stipend kunstnaren har på søknadstidspunktet, skal oppgivast i søknaden.

5 Stipend og anna arbeid

For å få tildelt arbeidsstipend for yngre kunstnarar kan ein ikkje vere tilsett i varig(e) arbeidsforhold i meir enn halv stilling. Som varig(e) arbeidsforhold reknar ein fast stilling/vikariat/engasjement som er avtalt å vare lenger enn seks månader.

Ein kunstnar som ved tildeling av stipend er i varig(e) arbeidsforhold i meir enn halv stilling, må leggje fram dokumentasjon frå arbeidsgivaren/-givarane om at stillinga(ne) blir redusert i stipendperioden.

Stipendet skal opphøre om kunstnaren i løpet av stipendtida blir tilsett i varig(e) arbeidsforhold som utgjør meir enn halv stilling.

Ein kunstnar som blir tildelt stipend i to eller tre år, kan om nødvendig halde fram i full stilling inntil eit halvt år.

6 Lengda på stipendtida

Stipend blir tildelt for eitt til tre år. Når søkjarane blir vurderte og stipendtida fastsett, skal det først og fremst leggjast vekt på det kunstnariske nivået og planen for kva stipendtida skal nyttast til. Ein kunstnar som har fått stipend for eitt eller to år, kan søkje om forlenging inntil i alt tre år. Ein slik søknad vil bli vurdert på lik linje med andre søknader og i konkurranse med dei.

7 Utbetaling

Stipendet er å rekne som skattepliktig arbeidsinntekt og blir utbetalt i månadsvise ratar. Staten betaler arbeidsgivaravgift til folketrygda.

8 Stipendet under sjukdom

Stipendiatane får stipend også under sjukdom og har derfor ikkje rett til motsvarande utsetjing.

9 Rapportplikt, permisjon ved fødsel og adopsjon

Dei allmenne retningslinjene for statens kunstnarstipend om rapportplikt og -fristar, og reglane for permisjon ved fødsel og adopsjon i dei særskilde retningslinjene for tildeling av arbeidsstipend, gjeld også for arbeidsstipend for yngre kunstnarar. Jf "Retningslinjer for statens kunstnerstipend", fastsett av Kulturdepartementet i februar 1989 med seinare endringar.

10 Klage

Vedtak i Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar kan klagast inn for Kulturdepartementet når det gjeld saksbehandling og rettsbruk. Klageretten gjeld ikkje det faglege, kunstnariske skjønnet (jf Kgl res 20.11.87). Ein klage skal rettast til Utvalet.

Lagt inn 18 desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen