Historisk arkiv

Stortingsmelding om museumspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1998

94/97, 13.10.1997

Stortingsmelding om museumspolitikken

Det blir varsla ei eiga stortingsmelding om museumspolitikken på grunnlag av den utvalsutgreiinga som vart lagt fram i 1996, NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad. Utgreiinga har no vore på høyring, og det er kome inn 270 høyringsfråsegner.

Museumsutvalet gjorde framlegg om desse prioriterte tiltaka:

  • Avtaleordning og utviklingsprogram for dei musea som får statleg eller fylkeskommunalt driftstilskott
  • program for betre tilgang til, bevaring og formidling av samlingane i musea ("REVITA-planen")
  • tilskott til igangsetjing av fellestenester i fylkeskommunane
  • styrking av samordningsfunksjonane i Norsk museumsutvikling
  • tiltaksplan for å styrkje innsamling og forsking
  • tiltaksplan for musea og det fleirkulturelle samfunnet
  • tiltaksplan for spreiing av naturhistoriske museumstilbod
  • tilskott til museumsdrift ved seks tekniske og industrielle kulturminne.

Eit viktig utgangspunkt for utvalet var å setje musea inn i eit heilskapleg samfunnsperspektiv. Utvalet la mest vekt på prinsipp og modellar for korleis samhandling mellom institusjonar og mellom institusjonar og forvaltningsnivå kan ordnast.

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen