Historisk arkiv

Grunnskuleveka 1996: Den samarbeidande skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.088-96
31. oktober 1996

Grunnskuleveka 1996: Den samarbeidande skolen

Hovudtema for grunnskuleveka 1996 er "Den samarbeidande skulen", knytta opp mot Reform 97. Grunnskuleveka blir skipa til 4. - 10. november. Det er Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) som er tilskipar av veka. I år vert Grunnskuleveka skipa til for tiande gong.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal vil stå for den offisielle opninga av Grunnskuleveka ved Rognaldsvåg skule i Flora kommune måndag 4. november kl. 11.30. I samband med opninga vil FUGs foreldrepris verte delt ut for tredje gongen. Prisen vert tildelt den eller dei som har gjort ein sæleg innsats for å fremje samarbeidet mellom heim og skule.

Nominert i år er Per Gaasø frå Nøtterøy, Sonja Luther frå Harstad og Saeeda Yasmin og Jamil Malik frå Oslo.

Målet med veka er å styrkje og synleggjere heim-skule-samarbeidet og opne skulen for lokalsamfunnet. Ved svært mange skular er det no blitt ein tradisjon å markere Grunnskuleveka der elevar, foreldre, lærarar og lokalsamfunn samarbeider om eit tema eller ei sak av felles interesse.

Lagt inn 1 november 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen