Historisk arkiv

Noregsnettråd for høgre utdanning blir oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 100/96
20.12.96

Noregsnettråd for høgre utdanning blir oppretta

Regjeringa vil opprette eit Noregsnettråd for høgre utdanning. Det går fram av ein stortingsproposisjon som passerte statsråd fredag (St.prp.nr. 32 (1996/97), Om etablering av Noregsnettrådet). Noregsnettrådet skal vere rådgivande for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i overordna utdanningspolitiske spørsmål innan høgre utdanning.

-Det er behov for eit kompetent organ som kan gi råd til departementet i arbeidet med å utvikle eit heilskapleg nasjonalt system for høgre utdanning, seier statsråd Reidar Sandal i ein kommentar. Sandal viser til at i den nye lova om universitet og høgskolar er det ein føresetnad at eit Noregsnett for høgre utdanning blir bygt ut, der samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane skal sikre dei nasjonale kompetansebehova. Det nye rådet skal gi råd m.a. når det gjeld gradsstruktur, arbeidsdeling mellom institusjonane, godkjenning av utdanning og opptaksreglar.

Noregsnettrådet vil ha 13 medlemmer. Universiteta, statlege og private høgskolar, studentorganisasjonane og Noregs forskingsråd skal kome med framlegg om medlemmer til rådet, som vil bli oppnemnt av departementet. Departementet legg opp til at Lærarutdanningsrådet skal vidareførast som eit rådgivande organ for departementet inntil Stortinget kan vurdere lov om lærerutdanning i samband med at ny opplæringslov vert lagt fram.

Det er også ein føresetnad at faglege samarbeids- og koordineringsorgan mellom høgre utdanningsinstitusjonar blir knytte opp mot det samarbeidet som skjer i regi av Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet.

Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen