Historisk arkiv

Offensiv mot mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 97/96
10. desember

Statsråd Reidar Sandal manar til

Offensiv mot mobbing

  • Elevkonferansar mot mobbing der 1000 ungdomar frå heile landet deltek
  • Materiell til bruk for elevråda
  • Ressursgruppe i kvart fylke
  • Nettverk av ressurspersonar, elevar og lærarar
  • Rettleiingsmateriell til foreldre og lærarar
  • Bruk av data (Skolenettet) som informasjonsbase og stad for utveksling av røynsle

Dette er nokre av dei viktigaste tiltaka Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) har sett og vil setje i verk mot den omfattande mobbinga som skjer i norsk skule. Det viser seg at 5 prosent av alle norske skuleelevar, til saman om lag 40 000, blir utsette for overgrep i skulen eller på skulegvegen. Dessutan er det like mange eller fleire som utfører mobbinga.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal skisserte på ein elevkonferanse mot mobbing i Kristiansand tysdag dei ulike tiltaka mot mobbing som KUF no satsar på.

Sandal framheva særskilt det arbeidet elevråda rundt om på skulane kan gjere for å hindre eller motverke mobbing. Han hadde også ein viktig bodskap til alle som er vitne til mobbing, men ikkje grip inn:

-Og kva med alle oss andre som ser dette og veit om kva som går føre seg, men som snur ryggen til og ikkje grip inn? Kanskje det er vi som har makta til å gjere noko, til å få slutt på ein uverdig tilstand. Vi må ta parti - mot mobbinga, sa Sandal.

Statsråd Sandal presenterte på elevkonferansen nytt materiell til bruk på dei ulike trinna i skulen, både som elevmateriell og lærarmateriell. Det er Senter for adferdsforskning i Stavanger som har laga materiellet, som også er prøvd ut i skolar.

Pressekontakt:

Direktør Edel Haukeland, tlf. 22 24 79 81

Lagt inn 12 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen