Historisk arkiv

Vidaregåande opplæring: 6 fylkeskommunar får ekstratilskot til auka elevtal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.099-96
12. desember 1996

Vidaregåande opplæring: 6 fylkeskommunar får ekstratilskot til auka elevtal

6 fylkeskommunar oppfyller for skuleåret 1996/97 kravet til omfang når det gjeld elevar i vidaregåande opplæring, viser tal Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet har henta inn frå fylkeskommunane. Dei seks fylkeskommunane, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Nordland vil dermed få tildelt ekstratilskot til auka elevtal.

Det var Stortinget som på 1996-budsjettet vedtok ei løyving på 20 millionar kroner for å oppmuntre fylkeskommunane til å auke elevtalet i vidaregåande opplæring. Løyvinga er meint for dei fylkeskommunane som oppfyller kravet til eit omfang på minst 375 prosent av eit gjennomsnittleg avgangskull frå ungdomsskulen, m a for å gi rom for eldre søkjarar.

Som i fjor ligg 13 fylkeskommunar under omfangskravet. Men 7 fylkeskommunar har i år auka omfanget. På landsbasis har omfangsprosenten auka til 369 mot 366 i fjor.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24 76 00

Vedlegg: Tabell over omfangstal fordelt på fylkeskommunar og fordeling av ekstratilskot

Omfang av elevar og lærlingar i skoleåret 1996/97

Fylkesnamn

Omfanget (prosent)

Ekstratilskot

(kroner)

Østfold358%0
Akershus357%0
Oslo354%0
Hedmark358%0
Oppland373%0
Buskerud356%0
Vestfold374%0
Telemark374%0
Aust-Agder363%0
Vest-Agder379%1.722.580
Rogaland389%4.317.321
Hordaland383%5.576.953
Sogn og Fjordane351%0
Møre oSogn og Fjordaneg Romsdal381%3.303.237
Sør-Trøndelag361%0
Nord-Trøndelag382%1.743.511
Nordland376%3.336.398
Troms361%0
Finnmark355%0
SUM369%20.000.000
Lagt inn 16 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen