Historisk arkiv

1,3 milliardar til vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 093-97, Dato 13. oktober 1997

1 026 millionar kroner til vaksenopplæring

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve vel 1 026millionar kroner til "anna vaksenopplæring ". Det er samla sett ein auke på 5,6 prosent frå året før.

Aktiviteten på hovudområda vil venteleg bli vidareført på same nivå som for inneverande år. Det same gjeld for verksemda i dei underliggjande institusjonane; Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter, Norsk fjernundervisning og Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt. Det blir føresett at ein eventuell utgiftsauke for desse verksemdene skal finansierast ved inntekter frå aukande oppdragsverksemd.

Regjeringa vil våren 1998 fremme ei stortingsmelding om etter- og vidareutdanning for vaksne. Utviklingsarbeid og forsking i høve til vaksenopplæring vil bli prioritert som ledd i satsinga på etter- og vidareutdanning.

Departementet gjer framlegg om at opplæringa i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og flyktningar skal leggjast om frå timebasert til nivåbasert opplæring frå 1. januar 1998.

Det blir foreslått å gi statleg tilskot til kommunar som gir eksamensretta grunnskuleopplæring til innvandrarar og flyktningar mellom 16 og 20 år som ikkje har rett til vidaregåande opplæring fordi dei ikkje har 9-årig grunnskule eller tilsvarande. Siktemålet er at dei skal kome raskt i gang med opplæringa for å kunne studere vidare.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Stig Klingstedt, tlf. a 22 24 76 60, p 66 91 76 96
Avdelingsdirektør Morten Lauvbu, tlf. a 22 24 76 62, p 32 70 03 02

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen