Historisk arkiv

1,3 milliardar til vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 092-97, Dato 13. oktober 1997

1,3 milliardar til vidaregåande opplæring

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve om lag 1, 3 milliardar kroner til vidaregåande opplæring . Dette er ein auke på om lag 9 prosent. Då er mellom anna medrekna at 64 millionar under denne kategorien er overført til rammeoverføringane til fylkeskommunane på Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett.

Reform 94 vil i 1998 vere innført på alle nivå innan vidaregåande opplæring. Aktiviteten innan vidaregåande opplæring på KUF sitt budsjett vil bli halden oppe på om lag same nivå som i 1997.

Tilskot til etterutdanning blir ført vidare på det same høge nivået som året før. Departementet vil følgje opp etterutdanninga for lærarar og instruktørar og medlemmer av prøvenemndene i fagopplæringa slik at dei får eit best mogeleg tilbod i tråd med innhaldet i reforma. Det vil bli lagt vekt på å utvikle tilbod om etterutdanning tilpassa eldre lærarar sine behov.

Departementet vil arbeide aktivt for å vidareutvikle kvaliteten på vidaregåande opplæring mellom anna gjennom etterutdanning og utvikling av verktøy for kvalitetssikring av opplæringa. Aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt er Ledelsesutvikling i skolen, Prosjekt delkompetanse, Skole- og bedriftsbasert vurdering og IT i norsk skole - plan for 1996-99.

Styrkingstiltak på til saman 250 millionar kroner til lærebedrifter blir vidareført i 1998. Departementet vil fastsetje tilskotssatsane for stimuleringstiltaka på bakgrunn av røynsler frå formidlinga av lærlingar i 1997. Gjennom eit større FOU-prosjekt, Bevisste utdanningsvalg, vil departementet setje i verk tiltak for å betre yrkes- og utdanningsrettleiinga.

Det er framleis mangel på læreplassar i fag som elektrofaget, kokkfaget, bilfaget lette køyrety, barne- og ungdomsarbeidarfaget og omsorgsarbeidarfaget. I andre fag er det fleire læreplassar til disposisjon enn det er søkjarar. Departementet vil arbeide for at bransjane legg fram prognosar som viser behovet for framtidig arbeidskraft. Samstundes vil departementet be hovudorgansiasjonane i arbeidslivet om at ein gjennom tariffavtalane innfører ei sterkare plikt for arbeidslivet til å ta inn lærlingar.

Det første kullet med lærlingar i Reform 94 avlegg fagprøve i 1998. Følgjeleg vert kvalitetssikringstilskotet til lærebedrifter utbetalt for første gong. Tilskotet skal stimulere til å heve kvaliteten og sikre gjennomføringa av opplæringa.

Det andre kullet med reformelevar med treårig vidaregåande opplæring går ut i 1998. Behovet for nye investeringar og ombyggingar som følgje av Reform 94 vil difor vere noko mindre. På bakgrunn av dette blir løyvingane til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale redusert.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Briseid , tlf. a 22 24 76 03, p 31 28 25 21
Avdelingsdirektør Jan Ellertsen, tlf. a 22 24 75 30, p 67 12 13 93

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen