Historisk arkiv

1500 nye studieplassar ved statlege høgskular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 055-97
27. juni

1500 nye studieplassar ved statlege høgskular

Regjeringa har oppretta om lag 1 500 nye studieplassar. Dette gjer det mogleg å halde opptakskapasiteten på studium som til dømes sjukepleie, førskule- og allmennlærar på same høge nivå hausten 1997 som hausten 1996.

Dette vart fastsett i ein kongeleg resolusjon fredag. Vidare er det lagt vekt på at institusjonane sjølve gjer omprioriteringar frå studium med låg søkning til studium med høg søkning. Ved fordelinga av dei nye studieplassane er vidareføring av den høge opptakskapasiteten ved dei statlege høgskulane prioritert, i tillegg til ei styrking av informasjonsteknologi og maritim utdanning.

Regjeringa sine mål når det gjeld å fastsetje kapasiteten i høgre utdanning er:

  • å gje tilbod til så mange kvalifiserte utdanningssøkjande som råd, i samsvar med individuelle ynske og det behov samfunnet har for høgt utdanna arbeidskraft
  • å ta vare på kvalitetskrav i studium og læringsmiljø og leggje til rette for at studium kan gjennomførast til normert tid.

Det er ynskjeleg å halde oppe eit høgt opptaksnivå i dei mest etterspurde studia utan at kvaliteten blir forringa, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. Samstundes blir det lagt til rette for ei best mogleg utnytting av den samla studiekapasiteten i landet.

Fordelinga av studieplassar vil seie at over 40 millionar kroner blir tilført universitets- og høgskulesektoren på statsbudsjettet for 1997. Desse midlane vil i hovudsak gå til statlege høgskular.

Lagt inn 30 juni 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen