Historisk arkiv

2,1 milliardar kroner til Grunnskulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 091-97, Dato 13. oktober 1997

2,1 milliardar kroner til grunnskulen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om å løyve vel 2,1 milliardar kroner til grunnskulen. Dette er ein auke på 8,3 prosent frå 1997 til 1998. Auken i løyvinga kjem i hovudsak av at Reform 97 får heilårsverknad på budsjettet første gongen i 1998.

Reform 97
Kommunane får i tillegg til løyvinga over KUF sitt budsjett om lag 2,1 milliardar kroner som kompensasjon for auka driftskostnader i samband med Reform 97. Desse midlane er lagde inn i rammetilskotet til kommunane på Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett. På budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er det i samband med reforma foreslått løyvingar til øyremerkte tilskot til investeringar i skulebygg, drift av skulefritidsordningar, kompetanseutvikling for personalet i grunnskulen og læremiddel.

Over KUF sitt budsjett blir det mellom anna løyvt midlar til desse føremåla:

  • 50 millionar kroner til kompetanseutvikling i samband med innføring av det nye læreplanverket skal vidareførast. Av omsyn til planlegginga i kommunane er det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 50 millionar kroner til kompetanseutvikling i tillegg til løyvinga for 1998.
  • 50 millionar kroner til eit ekstraordinært tilskot til læremiddel. Tilskotet skal medverke til at kommunane skaffar læremiddel utover godkjende lærebøker i samband med innføringa av Reform 97.
  • Det samla investeringsbehovet for kommunane i samband med Reform 97 er no rekna til vel 4, 8 milliardar kroner. Kompensasjonen til kommunane for 1998 er på om lag 416 millionar kroner, basert på ei rente på 4,1 prosent og ei avdragstid på 20 år for bygg og 10 år for utstyr.

Det er óg gjort framlegg om å løyve 446 millionar kroner til skulefritidsordninga som gir rom for 105 000 skulefritidsplassar for 1.-4. klasse.

Andre tiltak knytte til grunnskulen

Budsjettframlegget frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet omfattar i tillegg til kompensasjon for grunnskulereforma løyvingar til øyremerkte tilskot til andre tiltak knytte til grunnskulen. Dette gjeld tilskot til musikk- og kulturskular, leirskular, verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, opplæring i norsk og morsmål for framandspråklege elevar, opplæring i finsk og tiltak for samiske elevar. Løyvinga dekkjer og arbeid i samband med avgangsprøva, forskings- og utviklingsarbeid i grunnskulen og utgiftene til Foreldreutvalet for grunnskulen.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. a 22 24 75 00, p 66 80 15 31
Avdelingsdirektør Tove Brekke, tlf. a 22 24 75 12, p 66 99 32 65
Avdelingsdirektør Johan Raaum, tlf.a 22 24 75 41, p 22 38 37 77

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen