Historisk arkiv

250 millionar kroner meir til reformlærlingane i 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 006-97
22. januar 1997

250 millionar kroner meir til reformlærlingane i 1997

Tilskota i samband med lærlingordninga i Reform 94 er auka med til saman 250 millionar kroner. Dette vart vedtatt av Stortinget like før jul. Løyvinga inneber ei styrking i tilskota til lærebedrifter, og nye tilskot. Tiltaka er utforma for å auke talet på læreplassar i 1997.

- Auken i løyvinga til lærlingordninga inneber ei sterkare og meir målretta satsing på arbeidet med å skaffe reformlærlingane lærekontrakt, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. -Røynslene frå arbeidet med å formidle lærlingar i fjor haust viser at det er ei hovudutfordring å stimulere nye bedrifter og særskilt få små og mellomstore bedrifter til å ta inn lærlingar.

Følgjande tiltak er vedtatt:

  • Basistilskotet til lærebedrifter blir auka frå 53 000 kroner til 60 000 kroner pr. lærling.
  • Lærebedrifter som teiknar kontrakt med lærling for første gong i 1997, får eit ekstra tilskot på 25 000 kroner. For å få dette tilskotet må kontrakt vere inngått før 1. september 1997.
  • Bedrifter som tar inn fleire lærlingar i 1997 enn i 1996 får eit ekstra tilskot på 18 000 kroner pr. lærekontrakt. Også her må kontrakt vere inngått før 1. september 1997.
  • Satsane for driftstilskot til opplæringsringar og -kontor blir auka med gjennomsnittleg 25 prosent.
  • Fylkeskommunane kan søkje om inntil 500 000 kroner kvar for å effektivisere formidlingsarbeidet når det gjeld lærlingar. Dette kan f.eks. gjelde å etablere kontakt- og informasjonskanalar mellom fylkeskommunar, bedrifter og skular, auka bemanning og kompetanseheving i fylkeskommunane.

Tilskotsauken og dei nye tilskota gjeld for kontraktar som er inngått etter 01.01.97 med lærlingar som:

  • avslutta vidaregåande kurs I frå og med våren 1996,
  • avslutta grunnkurs frå og med våren 1996 og teiknar lærekontrakt i fag som føreset særløp,
  • ikkje følgjer eit vanleg opplæringsløp for faget på grunn av funksjonshemming, eller tar full opplæring i bedrift på grunn av liten skolemotivasjon.

Pressekontakt: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24 76 00

Lagt inn 22 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen