Historisk arkiv

753 millionar kroner til Den norske kyrkja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 097-97, Dato 13. oktober 1997

753 millionar kroner til den norske kyrkja

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 753 millionar kroner til kyrkjelege føremål for 1998. Budsjettet gjeld for det meste utgifter til prestetenesta og til drift av dei sentralkyrkjelege råda, dessutan tilskot til ulike kyrkjelege føremål. Budsjettet er nedjustert med 88 millionar kroner i samband med at inntekter og utgifter som gjeld Opplysningsvesenets fond ikkje lenger er rekna inn i statsbudsjettet.

  • Framlegget til driftsløyving til dei kyrkjelege råda og til kyrkjelege stillingar (prestar m fl), er i hovudsak ei vidareføring av løyvingane i 1997. Det er teke omsyn til at det siste halvåret av 1997 vart oppretta 26 nye kyrkjelege stillingar.
  • I samband med at ny kyrkjelov blei sett i verk frå 1. januar 1997, blei det i 1997 gitt ei løyving på 100 millionar kroner til kyrkjeleg verksemd i kommunane. Departementet gjer framlegg om at denne løyvinga blir vidareførd med 80 millionar kroner i 1998.
  • Det blir gjort framlegg om at det blir sett i gang rehabilitering av Oslo bispegård i regi av Statsbygg.
  • Det er budsjettert med 19 millionar kroner som tilskot frå Opplysningsvesenets fond til felleskyrkjelege tiltak. Til etableringa av eit praktisk-kyrkjeleg utdanningstilbod i Tromsø er det sett av 2 millionar kroner. Det er elles gjort framlegg om ein auke i driftstilskotet til døvekyrkjene. Som statstilskot til Den norske Sjømannsmisjonen er ført opp 22,5 millionar kroner for 1998.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Hermann Fisknes, tlf. a 22 24 79 00, p 22 22 32 58
Underdirektør Jørn Hagen, tlf. 22 24 79 10, p 66 80 61 60

Sist oppdatert 13 oktober 1997 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen