Historisk arkiv

89 % av seksåringane i permanente lokale til skulestart hausten -97

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 17
28.2.97

89 % av seksåringane i permanente lokale til skulestart hausten -97

Ei oversikt innhenta frå kommunane pr. 20. januar viser at 89 prosent av alle seksåringar vil vere i permanente lokale når skuleåret 1997-98 tek til. I løpet av kommande skuleår vil dei fleste av dei lokala som er mellombelse, bli erstatta av permanente løysingar.

10 prosent av alle seksåringane vil vere i mellombelse lokale ved skulestart til hausten. Dei fleste av desse kommunane reknar med at omfanget av mellombelse lokale raskt vil endre seg i løpet av skuleåret 1997-98, etter kvart som pågåande byggjearbeid vert gjort ferdig. Departementet vil gjennom Statens utdanningskontor vurdere om desse mellombelse lokala er akseptable til dei vert tilpassa eller bytte ut med nye.

Det er 23 kommunar som pr. 20. januar ikkje hadde avklart skulelokala til alle elevar i 1. klasse/ førskulen. Dette gjeld ein prosent av seksåringane. Departementet vil følgje opp desse kommunane særskilt.

Dette kjem fram i St meld nr 21 (1996-97) Finansiering av lærebøker for 2. - 10. klassetrinn og status for tilrettelegging av skolelokaler til seksåringer i forbindelse med Reform 97 som passerte Statsråd fredag.

Finansiering av lærebøker

I stortingsmeldinga blir det lagt fram ein finansieringsplan for dei utgiftene kommunane har til lærebøker som følgje av nytt læreplanverk for 2.-10. klasse. Dette er ei oppfølging av det budsjettet som er vedteke for 1997. (Lærebøker til 1.klasse/førskulen vert dekka fullt ut gjennom driftskompensasjonen til kommunane).

Det er i budsjettet for 1997 løyvt 352 millionar kroner til lærebøker for 2.-10.klasse. I samsvar med opplegg for innføring av læreplanen i dei ulike klassetrinna i reformperioden og løyvinga til lærebøker for 1997, vil det ikkje vere behov for nye løyvingar til kommunane for lærebokutgifter i 1998. I 1999 vil det bli overført 180 millionar kroner. Dette utgjer 60 millionar kroner meir enn framlegget i kommuneøkonomiproposisjonen for 1997.

Kontakt: Avdelingsdirektør Johan Raaum, tlf. a 22 24 75 41 p 22 38 37 77

Stortingsmelding nr. 21 (1996-97) finst på ODIN med denne adessa:

linkdoc014005-040006#dochttp://odin.dep.no/repub/96-97/stmld/21/

Lagt inn 28 februar av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen