Historisk arkiv

Arbeidsgruppe vurderer tiltak for å styrkje realfag og teknologi i utdanninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 004-97
21. januar

Arbeidsgruppe vurderer tiltak for å styrkje realfag og teknologi i utdanninga

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal vurdere tiltak for å styrkje matematikk, naturfag og teknologi i utdanninga. Bakgrunnen for oppnemninga er m.a. at det i dei seinare åra har vore sviktande rekruttering til naturfaga og teknologiske fag i utdanningssystemet, noko som m.a. er påvist i Sjøberg-utvalet sine utgreiingar. Eit særskilt problemområde både innan vidaregåande opplæring og høgre utdanning er at jenter i stor grad forlet desse faga, og dermed blir rekrutteringa skeiv.

Den sviktande oppslutnaden om naturfaga har særleg gått ut over rekrutteringa til ingeniørutdanninga.

Statsråd Sandal:

-Vitskapen, særleg naturvitskapen, er eit av våre viktigaste hjelpemiddel i utforskinga av menneske, kultur og og natur. Basiskunnskap innan desse felta blir då viktige føresetnader for politisk deltaking av handling. Oppnemning av ei breitt samansett arbeidsgruppe med representantar frå ulike organisasjonar og nivå innan utdanningssystemet vårt vil vonleg gi mange konstruktive innspel for å betre situasjonen og skape ny giv for naturfag, matematikk og teknologi. Det er særleg viktig å få fleire jenter interessert i fagområda, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal, som m.a. viser til at det no er under 21 prosent av studentane ved NTNU i Trondheim som er jenter.

Mandat

Arbeidsgruppa skal i følgje mandatet m.a. kome med framlegg om kort- og langsiktige tiltak som kan betre situasjonen for matematikk, teknologi og naturvitskaplege fag. Den skal gjere framlegg om tiltak som er retta mot alle delar av utdanningsløpet, og også tiltak som er retta mot å betre den generelle holdninga til naturvitskap og teknologi.

Utvalet skal vidare kome med framlegg om tiltak som kan auke interessa for desse faga mellom ungdom slik at dette kan påverke yrkesval. Særskilt skal gruppa vurdere tiltak retta mot jenter, slik at kvinnedelen innan desse fagområda aukar.

Utvalet skal òg vurdere om det er formelle reglar som bør endrast for å styrkje dei aktuelle fagområda, m.a. når det gjeld fordjupingspoeng/tilleggspoeng.

Desse er oppnemnt i utvalet:

Professor Morten Tveitereid, Ingeniørutdanningsrådet (leder) Avd.dir. Hans Bjertnes Tangen, Næringslivets Hovedorganisasjon Rådgiver Anne Katrine Kaels, Næringsdepartementet 1. konsulent Marit Ballestad, Miljøverndepartementet Rådgiver Arve Kjelberg, Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet President Svein Vikhals, Norges Ingeniørorganisasjon Elev Siri Hall Arnøy, Norsk Elevorganisasjon Student Anne H. S. Solberg, Norsk Studentunion Lektor Helge Flakstad, Landsorganisasjonen Lektor Bjørn Sletbak, Lærerforbundet Høgskolelektor Elin K. Reikerås, Høgskolerådet Undervisningsleder Frøydis Oma Ohnstad, Norsk Lærerlag Professor Lisa Lorentzen, Universitetsrådet 1.kosulent Ellen Stavlund, Voksenopplæringsforbundet 1. Amanuensis Doris Jorde, Universitetet i Oslo AU-medlem Liv Astrid Prestøy, Studentenes Landsforbund Avd.sjef Torstein Pedersen, Norges forskningsråd

Utvalet skal levere den avsluttande rapporten innan 1. juli 1997.

Lagt inn 21 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen