Historisk arkiv

Behov for etter- og vidareutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 003-97
7. januar 1997

Statsråd Sandal

Behov for etter- og vidareutdanning

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal gjekk på NHO sin årskonferanse tysdag inn på behovet for å satse på etter- og vidareutdanning.

Han sa m.a.:

Regjeringa sitt arbeid med å utvikle ein tilpassa, målretta og heilskapleg kompetansepolitikk for etter- og vidareutdanning vil bli intensivert etter følgjande tre hovudlinjer:

  • Analysere og vurdere behov for og effekten av kompetansehevande tiltak og dei offentlege verkemidla innanfor dei ulike politikkområda. Samspelet med partane i arbeidslivet er viktig i denne tilnærminga.
  • Arbeide vidare med å tilpasse utdanningssystemet etter behova til dei vaksne og til arbeidslivet etter dei linjene som er trekte opp gjennom reformene i grunnutdanninga.
  • Regjeringa har som kjent sett ned eit offentleg utval som skal greie ut sentrale spørsmål som grunnlag for ein nasjonal handlingsplan for vaksenopplæring og kompetanseutvikling i arbeids- og samfunnslivet.

Utvalet skal avgi si innstilling 1. oktober 1997. I langtidsprogrammet for 1998-2001 vil dei prinsippielle og overordna sidene ved ein nasjonal handlingsplan for etter- og vidareutdanning og vaksenopplræing bli drøfta og sett i samanheng med dei andre politikkområda.

Talen vil vere tilgjengeleg på internett: linkdoc014005-090060#dochttp://odin.dep.no/kuf/taler/97/970107.html

Lagt inn 8 januar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen