Historisk arkiv

Desentralisert hovudfag i engelsk ved Høgskolen i Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 36/97
9. mai 1997

Desentralisert hovudfag i engelsk ved Høgskolen i Agder

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i dag godkjent at Høgskolen i Agder tilbyr desentralisert hovudfag i engelsk i samarbeid med Universitetet i Bergen. Godkjenninga gjeld for eitt studentkull. Universitetet i Bergen er eksamensinstitusjon og har det faglege ansvaret, medan Høgskolen i Agder står for delar av undervisninga og rettleiinga.

25 studentar er allereie i gang med studiet, som er organisert som et deltidsstudium over 4 år. Det er tidlegare tatt opp eit kull på 22 studentar hausten 1993 på grunnlag av ein tilsvarande samarbeidsavtale. Av desse har 4 tatt endeleg hovudfagseksamen, medan 7 planlegg å fullføre studiet i 1997.

-Studietilbod på hovudfagsnivå er hovudsakleg eit ansvar for universiteta og dei vitskaplege høgskulane. Samstundes er det ønskjeleg å trekke inn relevant kompetanse ved statlege høgskular, slik at dei samla ressursane i utdanningssystemet blir utnytta betre. Samarbeidsavtalar som den som no er inngått mellom Universitetet i Bergen og Høgskolen i Agder gjer dette mogeleg, samstundes som nye studentgrupper får tilgang til hovudfagsstudiane. Dette er i tråd med prinsippet om eit Noregsnett for utdanning og forsking der institusjonane fungerer saman som eitt integrert system seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

Lagt inn 9 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen