Historisk arkiv

Desentralisert sjukepleiarutdanning i indre Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 060-97
10. juli

Desentralisert sjukepleiarutdanning i indre Finnmark

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tildeler Høgskolen i Finnmark 223 000 kroner for at den desentraliserte sjukepleiarutdanninga i indre Finnmark skal kunne halde fram hausten 1997.

Det desentraliserte tilbodet vart starta opp hausten 1995. Dei 10 studentane som vart tekne opp, vil vere ferdig utdanna sjukepleiarar våren 1998. Ein føresetnad for opptak til dette studiet er at studentane er busette i samiske miljø i dei indre stroka av Finnmark, og at dei meistrar samisk munnleg og skriftleg. Tilbodet har som føremål å utdanne samisktalande sjukepleiarar som vil arbeide i samiske område og som dermed vil bidra til å auke kvaliteten på helsetenesta i området.

Departementet grunngjev tilskotet med at mangelen på sjukepleiarar i samiske område er stor, og at det eksisterer eit særskilt behov for samisktalande sjukepleiarar i regionen.

Lagt inn 10 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen