Historisk arkiv

Foreldrebetaling i skulefritidsordninga skal ikkje vere for høg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 042-97
16. mai 1997

Foreldrebetaling i skulefritidsordninga skal ikkje vere for høg

Regjeringa vil sikre at foreldrebetalinga i skulefritidsordning,a ikkje blir for høg. Foreldrebetalinga skal ikkje vere til hinder for at born som har behov for det kan delta i skulefritidstilbodet. Dette kjem fram i St. meld. nr. 55 (1996-97) Om skolefritidsordningen som passerte statsråd fredag. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil fastsetje i forskrift at skulefritidsordninga skal finansierast av stat, kommune og foreldre i fellesskap.

Skulefritidsordninga skal vere eit frivillig tilbod til born på 1.-4. klassetrinn som treng omsorg og tilsyn utanom skuletida, og til barn med særlege behov frå 1.-7. klassetrinn. Den skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og leksearbeid med utgangspunkt i borns alder, funksjonsnivå og interesser.

Innahaldet i skulefritidsordningane skal ta utgangspunkt i borns utvikling, behov og interesser i samarbeid med brukarane og skal framleis utformast ut frå lokale forhold og behov. Røynsler med skulefritidsordningar rundt om i landet viser at det er viktig at lokale ressursar vert utnytta for at tilbodet skal bli godt.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. 22 24 75 00

Lagt inn 16 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen